Hopp til innhold

Skuldar Russland for cyberangrep på tysk miljøpolitikar

Russiske myndigheiter vil strekke seg langt for å hindre at leiaren av Dei Grøne blir valt til forbundskanslar, ifølge ei kjelde nær den russiske regjeringa.

Annalena Baerbock under eit møte arrangert av Dei Grøne.

Partileiar i Dei Grøne, Annalena Baerbock, skal ha blitt utsett for ei rekke cyberangrep frå Russland.

Foto: Axel Schmidt / Reuters

Leiaren av Tysklands miljøparti, Annalena Baerbock, skal ha fått uønskt merksemd frå Russlands regjeringsapparat etter at ho tok til orde mot russisk samarbeid.

Ifølge kjelder nære Kreml skal 40-åringen nemleg ha blitt valt ut som ein trussel mot russiske interesser, skriv Bloomberg.

Fleire politikarar frå partiet Dei Grøne skal ha mottatt e-postar som prøvde å installere overvakingsprogram på datamaskinene deira. Baerbock sjølv skal ha blitt skrive om i fleire fake news-artiklar og innlegg på sosiale medium, med formål å svekke ryktet hennar og spreie feilinformasjon.

Imot tysk-russisk prosjekt

Russlands president Vladimir Putin håper USAs president Joe Biden vil være mindre impulsiv enn det Donald Trump var

Ifølge kjelder hos russiske myndigheiter er det i president Vladimir Putins beste interesser om Baerbock ikkje blir valt som forbundskanslar i valet til hausten.

Foto: Sergei Ilyan / AP

Dei Grøne har allereie varsla tyske sikkerheitsmyndigheiter om eit aukande tal internett-angrep som liknar russisk taktikk. Dei har derimot ingen bevis på at det er Russland som står bak.

Baerbock er sterkt imot ein planlagd røyrleidning mellom Russland og Tyskland. Det skal vere hovudårsaka til at Russland ser på henne som ein trussel.

Den nye røyrleidningen, kalla Nord Stream 2, vil gå i Østersjøen utan at den går gjennom Ukraina, som er avhengige av inntektene gasstransitten gir landet.

– Denne røyrleidningen er feil av klimapolitiske, men framfor alt av geostrategiske grunner, sa Baerbock til den tyske avisa Frankfurter Allgemeine.

Mange land, mellom anna USA, fryktar også at røyrleidningen vil gi Russland for mykje makt over europeisk gassforsyning.

– Den er retta mot Ukrainas sikkerheit og har som mål å splitte EU, sa ho vidare.

Kjempar om å bli forbundskanslar

Tyskland er ein av Russlands viktigaste samarbeidspartnarar i Europa. Trass i massiv motstand frå Biden og USA om Nord Stream 2, har Angela Merkel forsvart prosjektet.

Merkel vil i haust gå av som forbundskanslar, tilsvarande det vi kallar statsminister, etter 16 år i jobben. Fram til juni låg Baerbock an til å bli Merkels etterfølgar, med opp mot 28 prosent oppslutning i meiningsmålingane.

Angela Merker i møte med Annalena Baerbock.

Baerbock kjempar om å ta over jobben som forbundskanslar etter Angela Merkel.

Foto: Kay Nietfeld / AP

Baerbock har mellom anna sagt at ho vil samarbeide tettare med USA. Samtidig vil ho ha ei tøffare linje mot Kina og Russland – land ho meiner ikkje respekterer demokrati og menneskerettar.

Kreml fryktar på si side at ein siger for Baerbock vil øydelegge for Russlands globale interesser. Ikkje berre ville det svekka samarbeidet mellom Tyskland og Russland, men det ville også gitt USA meir innverknad på Europa.

Ein talsmann for russiske styremakter avviser skuldingane.

– Russland blandar seg ikkje inn og har inga planar om å blande seg inn i andre lands val, sa talsmann Dmitrij Peskov onsdag.

Skulda for plagiat

Ferske meiningsmålingar for juli viser, heldigvis for Russland, at CDU-leiar Armin Laschet leiar kampen om å bli landets neste forbundskanslar, ifølge DPA. Dei Grøne har hatt eit stup i popularitet og gått ned til 17 prosent.

zzrkx71liNs

Fleire avsnitt frå den nye boka til Annalena Baerbock skal vere tatt frå ulike kjelder på internett.

Foto: ANNEGRET HILSE / Reuters

Baerbock, som er aktuell med ei bok om verda slik ho ser den, har i tillegg blitt skulda for plagiat. Dette skal russiske agentar ha nytt godt av i arbeidet med å svekke henne.

Tysdag sa USAs president Joe Biden at Kreml også prøver å spreie feilinformasjon for å klusse med neste års kongressval.

– Russland blandar seg ikkje og har ikkje den minste intensjon om å blande seg i andre lands valprosessar, svarte talsmann for Kreml, Dmitirij Peskov.

SISTE NYTT

Siste nytt