Hopp til innhold

Nyval i Danmark 1. november: Unngår mistillitsforslag frå støtteparti

Valkampen er i gang. Fleire danske parti har kalla inn til pressemøte om kort tid for å peike ut sine statsministerkandidatar.

Mette frederiksen på pressemøte.

Mette Frederiksen på pressemøte i Marienborg.

Foto: Liselotte Sabroe / NTB

På same dag som fristen for å bestemme seg skulle gå ut, møter Mette Frederiksen pressa i Marienborg. Ho annonserer at det blir nyval i Danmark.

– Det er krig i Europa og økonomisk usikkerheit. Prisane stig på alt vi treng. Den viktige oppgåva akkurat nå er å få Danmark trygt gjennom krisa, seier ho.

– No ber vi om eit fornya mandat tysdag 1. november, når Danmark skal til val. La oss passe på kvarandre og på framtida. La oss passe på Danmark. God valkamp, alle saman.

Eitt av partia som støttar regjeringa, Radikale Venstre, har åtvara om at Frederiksen ville få eit mistillitsforslag mot seg dersom dette ikkje skjedde innan tre månader.

Fristen gjekk eigentleg ut i går, men blei utvida av det same partiet til i dag.

Eit slikt ville etter alle solemerke å døme felt Frederiksen si regjering. I dag valde ho å i staden prøve lukka hos folket.

Den danske statsministeren kjem fram til det danske Folketinget onsdag morgon.

Den danske statsministeren kjem fram til det danske Folketinget onsdag morgon.

Foto: LISELOTTE SABROE / AFP

Fekk «nase» men blei sitjande

Bakgrunnen for nyvalet er den såkalla minkskandalen, der Danmark tok livet av fleire enn 15 millionar mink etter at ein mutert koronavariant spreidde seg blant dyra.

Ein kommisjon har konkludert med at statsministeren villeia folket då nedslaktinga blei gjennomført, men regjeringa blei sitjande. Dette var blant anna grunna støtta frå Radikale Venstre.

Les også Danmark: Visste masseslaktingen var ulovlig

Mink - Denmark

Partiet meiner at Frederiksen ber det politiske ansvaret for skandalen, sjølv om ho ikkje kan bli halde juridisk ansvarleg. Dei håpar eit nyval vil gi grunnlag for ei ny regjering som ikkje berre består av Socialdemokratiet.

Fristen dei har sett påskundar valet med nesten åtte månader, som er tidspunktet då Folketinget sin periode ordinært hadde gått ut.

Frederiksen fekk berre det danskane kallar for ein «nase». Det vil seie at ho fekk kritikk, men at den ikkje fekk nokon konsekvensar for henne.

Det gjorde den derimot for ti embetsmenn. Dei fekk alt frå ei skrape og irettesetting til å bli sendt heim frå jobben, skriv Danmarks Radio i ei tidlegare sak.

Kandidatane strøymer inn

Leiaren for Det konservative folkeparti, Søren Pape Poulsen, har allereie erklært seg som statsministerkandidat.

I ein pressekonferanse like etter at beskjeden kom onsdag, gjekk han hardt ut mot regjeringa for det han kalla mangel på energistøtte til vanlege danske folk.

– Skal det vere danskane sin privatøkonomi som vi skal ta omsyn til? Eller skal vi ta omsyn til at noko i offentleg sektor veks på ei linje, utan å ta omsyn til om folk kan betale rekningane sine eller ikkje?

For Venstre, det nest største partiet i Danmark, stiller partileiar Jakob Ellemann-Jensen. Han opna pressemøtet deira i dag.

– Alt er alltid alle andres skyld med Mette Frederiksen. Det er ikkje rett, og no får danskane moglegheita til å kaste ut Mette Frederiksen og hennar regjering.

– Det skal skruast ned på sjølvpromotering og betrevitarskap, og så skal det skruast opp på både audmjukskap og ettertenksamskap. Vi skal bygge opp att tilliten til det politiske systemet.

Ellemann-Jensen seier vidare at dei ikkje vil gå inn i ei regjering saman med Socialdemokratiet. Han krev ei borgarleg regjering med ein borgarleg statsminister.

Måtte velje mellom truverd og plassar på Folketinget

Då Radikale Venstre kom med dette kravet for tre månader sidan, låg Socialdemokratiet godt an på meiningsmålingane, seier Anders Byskov Svendsen, som er politisk journalist i Danmarks Radio.

– Det blei sett på som å sparke inn ei open dør, at Radikale Venstre gjorde det her. Men den radikale leiaren ville gjere det fordi ho blei utsett for press frå sine eigne partifellar.

Desse ville at det skulle kome konsekvensar for regjeringa som følge av minkrapporten. Likevel kan valet sjå ut til å koste det utfordrande partiet dyrt, meiner han.

Sofie Carsten Nielsen

Leiar for Radikale Venstre i Danmark, Sofie Carsten Nielsen.

Foto: PHILIP DAVALI / AFP

I starten av august fekk Frederiksen og partiet hennar Socialdemokratiet 22,9 prosent oppslutning. Det var den lågaste sidan mars 2015.

Dermed hadde Radikale Venstre valet mellom å miste truverd ved å trekke kravet om nyval eller å miste plassar i Folketinget, seier Byskov Svendsen vidare.

– Sjølv om dei radikale står til å tape nokre mandat i Folketinget, vil dei framleis kunne få nokon mandat.

– Desse er Mette Frederiksen avhengig av for å kunne halde fram som statsminister.

Kjem trass i fleire kriser

Åtaket på gassrøyrleidninga i Austersjøen gjorde at Radikale Venstre gjekk ei ekstra runde på kravet sitt om nyval. Dei blei likevel einige om å stå på sitt.

Partiet avviser at det er uansvarleg å kaste danske politikarar ut i ein valkamp midt i ein krisesituasjon.

– Dei krisene er ikkje over på to, fire, seks eller åtte månader. Vi treng ikkje ein åtte månader lang valkamp. Vi treng å kome ut på den andre sida, møtest, og løyse problema i fellesskap, seier partileiar i Radikale Venstre, Sofie Carsten Nielsen, til den danske kringkastaren.

Satelittbilete av ein av lekkasjane frå Nord Stream 1.

Satellittbilete av ein av lekkasjane frå Nord Stream 1.

Foto: - / AFP

Desse krisene blei også tema då Frederiksen opna Folketinget tysdag. Ho sa at dei tre siste åra som statsminister hadde vore heilt annleis enn nokon kunne sjå føre seg.

Som eksempel på dette trekte ho fram koronapandemien, krigen i Ukraina og energikrisa. Frederiksen sa også at mange av dei siste avgjerdene som blei gjorde i nasjonalforsamlinga, var resultat av at partia hadde samarbeida på tvers av blokkene.

Til spørsmål om ho kom til å skrive ut nyval, svarte Frederiksen fleire gonger:

– Mon tru at det ikkje nærmar seg.

SISTE NYTT

Siste nytt