Hopp til innhold

Skogbrannen i Israel er sløkt

Skogbrannen som tok livet av 42 menneske i Israel, er sløkt, opplyser politiet. I dag døydde politisjefen i Haifa av brannskadane ho fekk torsdag.

Skogbrannane i Israel er sløkte

Berre restane er igjen av denne sykkelen som vart ståande att då flammane kom.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

– Alle brannane var offisielt sløkte ved midnatt, seier talsmann for politiet Mickey Rosenfeld til nyheitsbyrået AFP.

Brannvesenet fekk hjelp av eit kraftig regnvêr til å vinne over flammane.

I tillegg til at 42 menneske døydde i brannen, vart nesten 50 kvadratkilometer landjord øydelagt.

Brannen er blant dei verste som er registrerte i Israel. Nærare 17.000 menneske måtte evakuere frå landsbyar i området som var råka.

Israelske styresmakter har fått kraftig kritikk for manglande beredskap. Innanriksminister Eli Yishai har vedgått at dei ikkje har god nok styring.

– Brannberedskapen er i katastrofal forfatning, sa ha i går.

Brannen var under kontroll i går kveld norsk tid, men var ikkje offisielt sløkt før i morgontimane måndag.

Kampen for å få kontroll over flammane varte i 77 timar før brannsjef Shimon Romah kunne puste ut.

– Brannen er under kontroll, og det brenn ikkje lenger på store område. Oppgåva er no å sjå til at han ikkje startar på ny, sa han etter at brannmannskapa fekk kontroll i går kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt