Hopp til innhold

Skjebnedag for bosnia-kroatane i Haag

MOSTAR, BOSNIA (NRK): Ein økonomiprofessor, ein karateekspert og ein TV-producer er blant dei seks som i dag vil få sine endelege dommar i Jugoslavia-tribunalet. Målet deira var å skape eit «Stor-Kroatia».

Seks Bosnia-kroatene vil i dag vil få sine endelige dommer i Jugoslavia-tribunalet.

BROTSVERK MOT MENNESKESLEKTA: Jadranko Prlic (til venstre) helsar på aktor. Han var tiltalt for 26 tilfelle av krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta. Han stod tiltalt saman med Bruno Stojic, Slobodan Praljak, Milivoj Petkovic, Valentin Coric og Berislav Pusic.

Ei veke etter at serbiske Ratko Mladic fekk sin livstidsdom, skal seks kroatiske politiske og militære leiarar få anken sin avgjord onsdag.

Dei vil få betrakteleg mindre merksemd enn «slaktaren frå Srebrenica», men dei står tiltalt for grufulle ugjerningar Europa ikkje har sett sidan andre verdskrigen.

Det var snakk om deportasjonar, drap, tortur og valdtekt i fangeleirar som dei seks var ansvarlege for, ifølgje ein dom frå 2013.

Stor-Kroatia

Då vart dei seks dømde til mellom 10 og 25 år i fengsel, for omringinga av Mostar, og for ugjerningar i samband med å fordrive bosniske muslimar frå kroatiske område. Dommen vart anka.

Dei dømde hadde ifølgje tiltalen danna eit kriminelt forbund. Målet: Å gjere 30 prosent av landet Bosnia-Hercegovina, til ein del av eit Stor-Kroatia.

Kroatias mektige president Franjo Tudjman var også i søkelyset til aktoratet, men døydde av kreft før han kunne bli stilt for retten.

Netherlands War Crimes Bosnia

LEIAREN: Jadranko Prlic var statsminister i den sjølverklærte bosnia-kroatiske republikken Herzeg-Bosnia, med hovudsete i Mostar.

Foto: Jiri Buller / Ap

Økonomiprofessoren

Økonomiprofessor Jadranko Prlic var, ifølgje tiltalen, leiaren i gruppa. Han var statsminister i utbrytarrepublikken Herzeg-Bosnia, som hadde hovudsete i Mostar.

Det var like før Prlic utvandra til USA, men han har seinare sagt han alltid treivst best i Mostar, der han var ein populær førelesar på universitetet.

Saka mot Prlic er den mest omfattande i Jugoslavia-domstolen. 326 vitne har blitt avhøyrde, og snart 10.000 bevisgjenstandar er presentert for retten.

BOSNIA-DIVING

GAMLEBRUA I MOSTAR: Den stod i over 400 år før den vart sprengd av bosnia-kroatane. Brua fungerte som forsyningslinje for bosnakkane.

Foto: ELVIS BARUKCIC / AFP

Karateeksperten

Ein mann som står tiltalt saman med Prlic, er karateeksperten Bruno Stojic. Han skal ha vore ansvarleg for etterretning, propaganda og fangeleirane.

Sentralt i dommen frå 2013 står massearrestasjonar og deportasjon av bosniske muslimar frå vest til aust i Mostar. Menn vart sende til fangeleiren Heliodrom, der det føregjekk drap og tortur.

I eit eksempel vart ein bosnisk muslim tvinga til å slikke opp sitt eige blod, slik at det ikkje vart igjen på kroatisk jord.

Dommen til tribunalet fokuserer på etnisk reinsing og beleiring av den muslimske enklaven i Mostar.

CROATIA BOSNIA WAR CRIMES

PÅ VEG TIL HAAG: Slobodan Praljak syng den kroatiske nasjonalsongen ved Zagreb flyplass før avreise til Haag i 2004. Alle dei seks tiltalte melde seg frivillig til tribunalet.

Foto: DARKO BANDIC / Ap

Mannen som sprengde Mostar-brua?

Ifølgje tiltalen var det Slobodan Praljak som gav ordren om å øydelegge den historiske UNESCO-brua i Mostar.

Den 400 år gamle brua fungerte som forsyningslinje for bosnakkane før den blei sprengd.

Før krigen arbeidde Praljak med teater, film og TV, mellom anna som produsent.

SWEDEN-CROATIA/

«SLEPP DEI FRI»: Kroatias president Kolinda Grabar Kitarovic ber domstolen om å frikjenne dei seks bosnia-kroatane.

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Kroatias president: – Håpar dei blir frikjende

EU la press på Kroatia for å utlevere dei seks, før landet vart EU-medlem i 2013.

Dei tiltalte overgav seg frivillig til domstolen. Kroatias president, Kolinda Grabar Kitarovic, har skapt bølgjer ved å seie at ho håpar dei no blir frikjende.

Forsvararane hevdar at leiarane for Herzeg-Bosnia ikkje hadde kontroll over fangeleirane og at muslimar ikkje vart deporterte, dei flykta av eigen fri vilje frå krigen.

Aktoratet ynskjer 40 år fengsel for dei tiltalte.

SISTE NYTT

Siste nytt