Hopp til innhold

Skiten og løgnaktig valkamp

Ein skiten valkamp er over. No er det naudsynt med bruer, skriv Gunnar Myklebust i denne kommentaren frå radioprogrammet Verda på laurdag.

Nancy Pelosi og George W. Bush
Foto: KEVIN LAMARQUE / REUTERS

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Med valet er også valkampen over i USA. Den dyraste og mest skitne og løgnaktige i historia.

Det er brukt meir pengar på politisk reklame denne gongen enn framfor noe tidlegare val. Rundt 15 milliardar kroner har TV-stasjonane raka inn på at republikanske og demokratiske kandidatar har prøvt å ta kvelartak på kvarandre.

Og mens kandidatane før har hatt for vane å runde av på ein tilnærma sivilisert måte, har dei denne gongen stått griseløpet heilt ut. Og ny skitten mark er dyrka i veljarmobiliseringa.

Folk er blitt oppringt midt på natta av telefonautomatar, bare for å skape irritasjon. Folk er oppringt med falsk informasjon om endra valrutinar, for å hindre frammøte. Og enkelte er til og med direkte livstruga om dei våga å stemme.

Ikkje Karl Rove

Påstandane om ureint spel har stort sett kome frå demokratane.

Karl Rove skal ikkje ha skylda for dette. Kanskje har han inspirert noen, legendarisk som han er for talentet sitt til å mobilisere, til smart negativ fokusering og tilsynelatande suveren evne til å snu motgang til seier. Men denne gongen fall han for eigne våpen.

For nå har demokratane lært av Rove, lært at dei alltid må tenke fleire trekk fram og på alle eventualitetar, lært å samle opplysningar om motkandidatane og at raskt motangrep er det beste forsvar. Forstått verdien av dei skitne knepa.

For svært mange blei valet eit høve til å uttrykke misnøya si med Bush, ved å stemme imot kandidatane hans.

Snudde Bush ryggen

Men mange av dei same kandidatane snudde også ryggen til Bush. Aldri har presidenten vore så lite etterspurt som drahjelp. Svært få inviterte han - den tapande republikanske senatoren i Montana mista fire prosentpoeng på meiningsmålinga da Bush dukka opp hos han.

Og den republikanske guvernørkandidaten i Florida hadde plutseleg ikkje tid til å vere til stades på sitt eige valmøte og stå saman med USAs president på scenen da Bush kom dit.

Spørsmålet nå er korleis demokratane vil bruke den nyvunne makta si etter mange år å ha blitt audmjuka i mindretal - om dei sjenerøst vil holde ut handa eller sette i gang heksejakta.

Demokratane vil få kontroll over lovarbeid og budsjett, dei vil kunne hente fram igjen symbolsakene sine og granske Irak-krigen til Bush.

Samarbeid er tingen

Men all fornuft og omsynet til det neste valet om to år tilseier at samarbeid er tingen. Nancy Pelosi har tidlegare kalla Bush inkompetent og antyda at han bør stillast for riksrett. Nå har den nye leiaren i Representanthuset strekt ut handa.

Og Bush har svart med å invitere til lunsj.

Det er ennå noen veker igjen før demokratane tar over Kongressen. Det blir ei kritisk tid, der Bush kan jage gjennom saker som blir umulege etter nyttår, som å få Senatet til å godkjenne den omstridde John Bolton som USAs FN-ambassadør.

Da blir demokratane sure.

Men viktigast blir likevel Irak. Bruer må byggast - og byggast godt.

Endring i Irak-politikken

Alle ventar ei endring i Irak-politikken, men demokratane er ueinige seg imellom og har ikkje den innlysande løysinga. Dei får nå makta til å stanse løyvingane til krigen over natta, om dei vil. Men Pelosi veit nok betre enn som så og vil ikkje la dei ekstreme Irak-kritikarane få handa på rattet.

Demokratane brukte krigen til valkamp. Republikanarane prøvde å unngå den. At det skulle bli slik, var det knapt noen som ville trudd bare for få månader sidan.

Da var Det kvite hus trygge på at dei skulle vinne valet med enda ein runde om republikanarane som garantistar for den nasjonale tryggleiken og demokratane som garantistar for at USA skulle leggast ope for terrorismen. Pris krigen, var meldinga til kandidatane.

Takka i det stille

Eit par demokratiske strategar såg dette, mens dei haldt auge med dei stadig stigande tapstala frå Irak. Dei såg valkampmaterialet, og dei takka i det stille kvar gong Bush avviste krava om at Donald Rumsfeld måtte gå.

Det gjekk bare eit halvt døgn etter valnederlaget før Rumsfeld var ute av Pentagon. Truleg funderer Bush på det ennå: Om det hadde blitt annleis dersom han hadde slept forsvarsministeren litt før.

SISTE NYTT

Siste nytt