Hopp til innhold

Skiparadiset Ischgl kjempar for å reinvaske seg frå korona-stempelet

ISCHGL, AUSTERRIKE (NRK): Då koronasmitten velta inn i Noreg for fyrste gong, blei alpinmekkaet Ischgl peika ut som smitteversting. I dag er det lite som minner om «Ibiza i alpane».

Afterski Ischgl 1

Tett og sveitt på Ischgl-afterski tidleg i mars i år. Bildet er teke av ein norsk turist.

Foto: Steinar Aarnes / privat

Det er tomt og stille i Ischgl.

Berre ekkoet av anleggsarbeidarar lagar lyd i denne tronge dalen omkransa av snødekte fjell.

Vanlegvis skulle dei 1600 innbyggjarane førebu seg på årets høgsesong. Tida då dei tener pengane ein tærer på resten av året.

Andreas Steibl

Opninga er utsett og leiaren for den lokale turismeorganisasjonen, Andreas Steibl, håpar dei kan berge julesesongen

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRk

I staden er det ny nedstenging i Austerrike og Ischgl.

Leiaren for turismeforeininga, Andreas Steibl, viser NRK ein stor plakat der det står å lese at løypene opnar den 26. november.

Men det stemmer ikkje lenger.

Den storslåtte sesongopninga er utsett. Her har verdsstjerner som Rihanna og Elton John vore hyrte inn for å kaste glans. I 2002 vart sjølvaste Bill Clinton flydd inn for å halde ein halvtimes tale.

Glamour Ischgl

Paris Hilton feirar bursdagen sin saman med Ischgl-gründer Aloys Günther i 2007. Skilandsbyen er kjend for å tiltrekke seg store kjendisar.

Foto: DOMINIC EBENBICHLER / REUTERS

Steibl håpar dei kan opne den 17. desember. – Jula er ei viktig tid for oss, fortel han medan vi ser mot fjelltoppane. Det er gode snøforhold i år får NRK vite.

Steibl er ikkje med på at turistnæringa gjorde noko feil under koronakrisa i vår:

– Det ekspertane og myndigheitene gjorde den gongen var korrekt med tanke på kunnskapen ein hadde på den tida, fortel han til NRK.

Ibiza i alpane

På ein vanleg dag i høgsesongen er det om lag 30.000 skiglade turistar i landsbyen. Kanskje enda viktigare, skiglade turistar som likar å ta seg ein fest.

Afterski Ischgl 2

Stinn brakke ved ein afterskibar i Ischgl tidleg i mars i år. Bilde er teke av ein norsk turist.

Foto: Steinar Aarnes / privat

Ischgl blir på folkemunne kalla «Ibiza i alpane».

Dei største nattklubbane har go-go dansarar kledd opp i dristige versjonar av folkedrakta dirndl. Andre stadar blir det spelt tyrolarmusikk på høgt volum til langt på natt. Det er

fløyte Kitzloch

Ein bartendar med fløyte i munnen ved afterskibaren Kitzloch frå Facebooksida til utestaden.

Foto: Facebook

trongt, høglydt og sveitt.

Det er rett og slett perfekte forhold for å spreie koronaviruset.

Spesielt ein afterskibar, Kitzloch, har fått rykte på seg for å vere ein stad der mange vart smitta.

Her går det historier om fløyter og andre blåseinstrument som vart sendt rundt. Ein gimmick for å skape god stemning.

Og det var ved Kitzloch Ischgl fekk sin «pasient null».

NRKs korrespondent besøker skiparadiset som forbindes med koronautbruddet.

NRKs korrespondent besøker skiparadiset som forbindes med koronautbruddet.

Island slår alarm

29. februar i år landar 14 islandske Ischgl-turistar på Keflavik flyplass.

Dei testar positivt på koronaviruset, og denne informasjonen blir gitt vidare til myndigheitene i Tyrol, delstaten til Ischgl.

Men myndigheitene gjer ingenting.

Islendingane vart sikkert smitta på flyet, meinte helsemyndigheitene i Tyrol.

Først to dagar etter at Island klassifiserte Austerrike som høgrisikoområde, og ein dag før det vart slått alarm i Noreg, kom det første offisielle smittetilfellet i Ischgl.

Det var 7. mars.

Den smitta var ein tysk bartender ved afterskibaren Kitzloch, og det viste seg snart at 14 kollegaer av han også var smitta.

Men det går ytterlegare seks dagar før myndigheitene gjev ordre om å stenge skiheisane og å avslutte sesongen i Ischgl.

W3zoRBBLpOM

Den 13. mars vart Ischgl og Paznaudalen sett i karantene.

Foto: JAKOB GRUBER / AFP

Smitten vart spreidd til 55 land

I all hast måtte 11.000 turistar forlate Ischgl.

– Mange turistar fekk beskjeden medan dei stod i skibakken, fortel forbrukaradvokaten Peter Kolba.

Han representerer 6.000 av dei som i hui og hast måtte forlate skilandsbyen på grunn av galopperande koronasmitte.

Peter Kolba/ korona Østerrike

Forbrukaradvokat Peter Kolba har nyleg gjort seg ferdig med eit søksmål mot Volkswagen i kjølvatnet av dieselskandalen. No representerer han 6.000 ischgl-turistar. Intervjuet med Kolba er gjort i samarbeid med Sveriges Radio.

Foto: Ronald Zak / AP

I avreisekaoset blir skituristane spreidde over heile Europa, til 55 land og til 5 kontinent.

Av dei som Kolba representerer testa meir enn halvparten positivt på koronaviruset.

Skiparadiset hadde blitt ein «superspreder», og i media har Ischgl blitt sjølve symbolet på kor gale det kan gå når koronaviruset får fritt spelerom.

I Noreg fekk vi høyre om Ischgl-turisten Morten Hærnes som låg tolv dagar i respirator, og avisa Varden skreiv om ein 55 år gammal mann som døydde.

Ein rapport frå Folkehelseinstituttet datert 28. mars, viser at ein kunne spore 635 smittetilfelle frå Austerrike, det vil seie 17 % av dei smitta i Noreg på det tidspunktet.

Skiturisme i Ischgl

Nordfjordingen Håvard Røe Maurset tok dette fotografiet på ferie i Ischgl. Han var der frå 28. februar til 7. mars, og blei smitta av koronaviruset. Han fortel til NRK han hadde milde symptom.

Foto: Håvard Røe Maurset / privat

– Sette økonomi framfor helse

Myndigheitene i Tyrol hadde fått åtvaringar om smitten i Ischgl frå Noreg, Sverige, Island og Finland.

Kolba er overtydd om at turistnæringa sette økonomiske interesser framfor helsa til gjestane.

– Den mektige turistnæringa skjønte at sesongen ville bli avslutta før tida, men ville for einkvar pris klemme inn ein runde til med nye gjestar, seier Peter Kolba.

Han meiner helsemyndigheitene og politikarane gav etter for presset frå turistnæringa, og stengde skiheisen minst ei veke for seint.

FOTLROOOls0

«Slapp av om du kan» er slagordet til skilandsbyen Ischgl, kjend for sine storslåtte konsertar og livlege afterski-festar.

Foto: LISI NIESNER / Reuters

Avviser skuldingane

I Ischgl meiner lokalbefolkninga at skuldingane er urettvise. Og dei gjer vondt. Ingen vil snakke med NRK når vi vandrar rundt i sentrum. Vertinna på pensjonatet der vi bur seier ho skjønar det godt, når ein tenkjer på kor dårleg behandla dei har blitt av media.

Sjølve nervesenteret i Ischgl er selskapet som driv alle skiheisane. På ein plakett står namnet til dei 73 grunnleggarane.

Talsmannen for styret av skiheisselskapet, fortel til NRK at skuldingane rett og slett er usanne.

– Vi følgde alle pålegg og meir til. Vi gjorde alt som stod i vår makt. Det kan vi seie om heile landsbyen. Sjølvsagt er det vondt å høyre at du heldt skiheisen open for lenge for å tene pengar, det er rett og slett ikkje sant, fortel Günther Zangerl til NRK.

Familien hans eig fleire hotell og afterskibarar, mellom anna Kitzloch.

– Utifrå det vi visste den gang så hadde vi gjort det same igjen, fortel Zangerl.

Ischgl

Günther Zangerl synest det er vondt med alle skuldingane mot landsbyen han vaks opp i.

Foto: Nicola Zini / NRK

– Medieomtalen var urettvis, men Ischgl er ein så kjend stad at då blir medietrykket også større, fortel han.

– Tette band mellom næring og politikk

Ein granskingskommisjon konkluderte med at det ikkje hadde vore utøvd noko utilbørleg press frå turistnæringa. Men opposisjonspartia i Tyrol og advokat Peter Kolba meiner dette presset blir utøvd på ein nesten usynleg måte.

– Alle veit jo kor viktig turismen er for Tyrol, og det er tette band mellom leiande personar i turismeindustrien og politikken.

Før Ischgl vart oppdaga av skituristane på 60-talet, var landsbyen ein av dei fattigaste i Austerrike. I dag kryr det av fasjonable hotell og gjestgiveri. Det er knapt nokon som ikkje leiger ut rom til turistar.

0usUZqWVvds

I 1961 vart taubaneselskapet grunnlagt, og Ischgl byrja reisen frå å vere ein fattig fjell-landsby til eit verdsberømt reisemål.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Leiar for turistforeininga Andreas Steibl fortel at turismen betyr alt landsbyen.

Årleg er det 1,5 millionar overnattingar, det er tusen overnattingar per innbyggar.

No pussar og flikkar lokalbefolkninga på 238 kilometer med skiløyper og 45 skiheisar i håp om at dei får opne til jul.

Andreas Steibl Will Ferrell

Andreas Steibl saman med Hollywood-stjerna Will Ferrell i 2019. No arbeider Steibl for å reparere omdømmet til den fasjonable skistaden i Tyrol.

Foto: Ischgl.com

Nye tiltak for å gjenreise ryktet til Ischgl

Steibl gjev NRK ein stor perm med informasjon, og eit munnbind med logo på.

Nye tiltak

Ischgl lanserer nye tiltak for å gjere det trygt å vere skiturist. Som dette informasjonsskiltet ved skiheisen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Han ynskjer å vise at landsbyen tek koronaviruset på alvor. 700.000 Euro er brukt på eit nytt sikkerheitskonsept.

Intelligente kamera skal passe på at folk held avstand, dei har utvikla sin eigen smittesporingapp og alt personell skal bli testa ein gang i veka.

Ein vil også legge ein dempar på «fest-turismen».

– Heile verda ser på oss no, fortel Steibl til NRK.

NRK i Ischgl

NRK testar ut munnbindet som føl med i informasjonspakken. Turistnæringa satsar no 700.000 Euro for å styrke omdømmet til Ischgl.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men advokat Peter Kolba er skeptisk:

– Det vil bli tøft for alle skiplassane, men eg trur folk vil tenke seg om før dei reiser til Ischgl, sier han til Sveriges Radio.

Forbrukaradvokaten krev at dei ansvarlege i det minste innrømmer feil, ber om orsaking og betaler erstatning.

Ikkje minst til dei 32 turistane som døydde.

Elles kjem han til å gå vidare med søksmålet på vegner av sine 6.000 klientar, av dei er 42 nordmenn.

Oppdatering:21.12.2020:

Sveriges Radio er oppgitt som kilde til intervjuet med Peter Kolba. Denne er saken er basert på en sak tidligere publisert i Sveriges Radio.

SISTE NYTT

Siste nytt