NRK Meny
Normal

Skal lære grøn politikk av Canada

VICTORIA, CANADA (NRK): I Canada har det å forureine fått ein pris. No skal finansminister Siv Jensen (Frp) og Venstre-leiar Trine Skei Grande sjå om dette er ei ordning som kan bli ein del av norsk politikk.

Trine Skei Grande og Siv Jensen i Canada

STUDIETUR: Trine Skei Grande har invitert Siv Jensen med seg på «grøn studietur» til Canada.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Dette er ein viktig tur først og fremst fordi vi kan ta med oss lærdom tilbake til Noreg. Det seier Siv Jensen, som i natt norsk tid landa i Victoria på vestkysten av Canada saman med Trine Skei Grande.

Det er Grande som har invitert Frp-toppen med seg på «grøn studietur» til Canada.

Canada har sidan 2008 hatt ei avgiftsordning som er blitt lagt merke til internasjonalt. Formålet er å få ned utsleppa av skadelege klimagassar. Ordninga fungerer slik at det blir lagt ein såkalla karbonskatt, eller ei miljøavgift, på forureining og CO2-utslepp. Så blir desse pengane ført tilbake til bedrifter og vanlege skattebetalarar gjennom reduserte skattar og avgifter. Blant anna er det lagt avgifter på diesel og bensin, flydrivstoff og kol.

Kan bli norsk politikk

Totalt sett blir altså ikkje skattar og avgifter høgare. Men det å forureine, har fått ein pris. Og effekten er at utsleppa har gått kraftig ned.

– Eg håpar vi får høyre både om fordeler og ulemper, og at vi kan sjå kva som er mogeleg å overføre til norsk politikk, seier Trine Skei Grande.

Tre dagar på «grøn studietur»

Dei to har framfor seg tre dagar med tettpakka program i provinsen British Columbia. Dei skal blant anna møte statsrådar i den regionale regjeringa, miljø- og finanspolitiske talspersonar, representantar for næringsliv, miljørørsle og fagforeiningar – først i Victoria og så i Vancouver.

– I Noreg har vi eit mykje meir omfattande system for skattlegging av CO2-utslepp enn dei har her, men det er framleis mogeleg å sjå for seg metodar for skattlegging av utslepp kombinert med skattelette, slik dei gjer det her, seier Siv Jensen, som understrekar at det overordna målet om å redusere – ikkje auke – det samla skattetrykket, står fast.

Stiller tøffe krav

Venstre, som saman med KrF er regjeringa sitt støtteparti, har stilt tøffe krav i samband med statsbudsjettet for 2017, som blir lagt fram i oktober. Trine Skei Grande har sagt i klartekst at ho vil ha eit grønt budsjett. I landsmøtetalen i vår kom ho med det som er blitt oppfatta som ei ultimatum: At det budsjettet som regjeringa arbeider med no, må bli «tidenes miljø- og klimabudsjett». Viss ikkje, har ikkje denne regjeringa ei framtid, la ho til.

Ho meiner at overgangen til eit samfunn som i større grad tek omsyn til miljø og klima, det såkalla grøne skiftet, i langt større grad må komme til syne i praktisk politikk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt