Ei kvinne og ein ung mann skal ha vortne drepne i nær Beit Hanoun, medan fire personar vartbsåra. Tilstanden er kritisk for minst ein av dei.
Hamas-rørsla hevda fyrst at det var snakk om eit flyåtak, men uttalte seinare at israelske styrkar opna eld frå en bakkeposisjon.
Folkets motstandskomitear, ei gruppe som er alliert med Hamas, fortel at nokre av medlemene deira skaut rakettar mot israel rett før det israelske åtaket.
Åtaka onsdag fann stad samstundes som den amerikanske presidenten, George W. Bush, byrja ei tre dagar lang vitjing i Midtausten.