200 menneske miste livet i terroraksjonen mot fleire tog i Madrid sist torsdag. (Foto: Scanpix/Reuters)
Bak denne døra arbeidde to av dei tre marokkanarane som er arresterte etter terror-bombene i Madrid sist torsdag. (Foto: AP/Scanpix)
Det er den spanske storavisa El Pais som i dag skriv at medlemer av den islamske gruppa som stod bak terroraksjonen i Casablanca, er dei same som stod bak angrepet i Madrid sist torsdag. Også fleire marokkanske aviser skriv om eit slikt samband.
Al Qaida
Etterretningskjelder i Spania seier til El Pais at gruppene har nær tilknyting til kvarandre, og at dei har sterke band til Al Qaida sine folk i Europa.
Angrepet i Casablanca retta seg mot jødiske og spanske mål, blant anna det spanske kultursenteret Casa de Espana. Teorien om at det er eit nært samband mellom dei to terroraksjonane gjer at Spania og Marokko no utvekslar etterforskarar.
Zougam
Det viktigaste kontaktleddet mellom aksjonane i Casablanca og Madrid er etter det El Pais kjenner til, Jamal Zougam, ein av dei fem som er pågripne av spansk politi etter udåden i Madrid sist torsdag.
Alt sommaren 2001, eit par månader før angrepa mot USA 11. september, vart Jamal Zougam sjekka av politiet for mogleg tilknyting til islamsk terrorisme. Dette skjedde etter tips frå fransk politi, som etterforska kontaktnettet til islamske ekstremistar i Frankrike.
Jamal Zougam er mistenkt for å ha samband til det som kan vere ei spansk Al Qaida-celle leidd av Idam Eddim Barakat, også kjend som Abu Dahdah.
11. september
Spansk politi meiner at denne gruppa spelte ei viktig rolle i førebuingane til angrepa mot New York og Washington 11. september 2001.
Då politiet ransaka bustaden til Jamal Zougam i Madrid fann dei blant anna telefonnummer til personar politiet trur er med i ei spansk Al Qaida-gruppe og to videoar. Ein video om islamsk kamp i Dagestan i Russland, og ein annan om den islamske rørsla i Vesten, der det også var eit intervju med Osama bin Laden.
Sjølv om Jamal Zougam var i politiet sitt søkjeløys for sitt samband til Al Qaida, vart han aldri stild for retten.