Hopp til innhold

– IS rettar auga mot Spania

Kjelder i spansk etterretning seier at terrororganisasjonen IS i stadig aukande grad ser ut til å fokusere på Spania. Ein fersk IS-video viser bilete av Alhambra-moskeen i Granada.

Madrid-terror i 2004.

Spansk etterretning fryktar nye IS-angrep mot Spania. 11. mars 2004 vart 191 drepne og nær 2000 såra i terrorangrepet mot fleire tog i Madrid.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Det verdskjende Alhambra-komplekset var hovudsetet for dei mauriske makthavarane i Al-Andalus, det arabiske namnet på det sørlege og sentrale Spania som dei muslimske maurarane kontrollerte i fem hundreår fram til 1492.

Den spanske etterretningskjelda seier til El Pais at dei ikkje kjenner til ein konkret trussel om angrep, men at det ikkje er tvil om at det er aukande fare for eit omfattande terrorangrep mot landet.

– Alle moglege middel

Alhambra-palasset i Granada.

Alhambra-palasset i Granada har dukka nyleg opp i ein propagandavideo frå IS.

Foto: JORGE GUERRERO / Afp

Denne sommaren har Spania opplevd ei kraftig auke i talet på turistar. Hovudårsaka er truleg at mange har droppa Tyrkia og Egypt som reisemål på grunn av auka terrorfare der.

Spania har ikkje vore utsett for eit større terrorangrep sidan mars i 2004, då 191 menneske vart drepne og nær 2000 såra etter at fleire bomber eksploderte på ulike tog på veg inn til sentralbanestasjonen Atocha i Madrid.

I juli i år gjekk det ut ei melding på arabisk i Wafa Media Foundation, som har nære band til IS, til sympatisørar i Marokko, Tunisia, Mauritania og Libya.

– Når du ser eit høveleg mål som kan straffe dei kriminelle spanjolane, gjer det med alle moglege middel, heitte det blant anna i meldinga.

Sidan angrepa mot Madrid i 2004 har spanske tryggingsstyrkar gjennomført 181 aksjonar mot jihadistgrupper, 161 av dei inne i Spania. 700 personar er arresterte, 633 av dei i Spania.

Spania minnes Madrid-bombene

Verver terrorister ved hjelp av sosiale medier

700 arresterte

Sidan starten på borgarkrigen i Syria har det vore 76 aksjonar mot jihadistar i Spania, og 164 personar er arresterte, ifølgje El Pais.

Den spanske etterretningstenesta opplyser at dei har identifisert 186 spanjolar eller personar med opphald i Spania, som har reist til Syria eller andre konfliktområde. 31 av dei drepne, medan 25 har returnert til Spania. 15 av desse er i fengsel.

Aksjon mot terrormistenkte i Valencia.

Ein marokkansk mann vart arrestert i ein antiterroraksjon i Valencia i juni i år.

Foto: JOSE JORDAN / Afp

Spania blir sett på som ein årestad for rekruttering av jihadistar, og mange av dei som blir rekrutterte kjem frå dei spanske enklavane i Nord-Afrika, Ceuta og Melilla.

IS har brukt flittig i propagandaen sin at alle område som ein gong har vore islamske, skal bli det igjen.

Samordna etterretningsarbeid

Sidan det siste terrorangrepet i Paris i fjor haust har dei ulike etterretningsorganisasjonane i Spania har delt informasjonen sin med kvarandre. Det er også omfattande samarbeid med andre europeiske land på dette feltet.

Målet med samarbeidet er å hindre nye angrep, stanse nyrekrutteringa til ekstreme miljø og å stengje av dei kanalane dei ytterleggåande islamistane brukar for å radikalisere sympatisørar, skriv El Pais.

SISTE NYTT

Siste nytt