Hopp til innhold

Seks drepne i skyting i Kentucky

Ein mann drap fem personar inne på ein trailerpark i Kentucky, USA, før han tok livet av seg sjølv.

Flere personer drept i Kentucky

Fem personar blei drept i dette huset i Kentucky.

Foto: Ed Reinke / Ap

Det stadfestar politiet overfor nettavisa msnbc.com.

– Vi har seks døde folk inne i ein av bustadane på trailerparken, seier sheriff Ray Clemons.

– Ofra var familie

Kentucky

Vener og naboar av dei drepne samla seg i trailerparken.

Foto: Ed Reinke / Ap

Fem av dei er drepne, og den sjette er mannen politiet meiner stod bak skytinga. Clemons trur ofra er i familie.

– Ein av dei var kona, ein av dei var kjærasten, ein var svigersonen og så vidare. Vi er framleis her ute og prøver å finne ut av det, seier sheriffen.

Politibetjent Jody Sims seier informasjon om familieband mellom ofra ikkje er tilgjengleg enno, men at dette vil bli offentleggjort når dei er identifiserte og familiemedlemmer har fått beskjed.

Politiet veit lite

Sims seier drapsmannen ser ut til å ha brukt ei hagle, men politiet ikkje har nokon klar idé om kva som er bakgrunnen for episoden.

– Vi prøver å få bitane til å henge saman, seier han til den lokale avisa Courier Journal.

Skyteepisoden skal ha skjedd like etter klokka 11.30 lokal tid i Breathitt County aust i Kentucky. Det bur 16.100 personar der.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt