Hopp til innhold

Seier ikkje frå om fyllekøyring

Få danskar vågar å blande seg inn for hindre andre i å køyre i fylla.

Illustrasjonsbilde promillekontroll

Ein trafikkikant blir stoppa i promillekontroll.

Foto: Erik Johansen / Scanpix

Ei undersøking viser at nesten kvar andre danske vegrar seg for å stoppe ein fyllekøyrar, skriv dr.dk.

Grip ikkje inn

1160 danskar vart spurde om korleis dei vil reagere dersom dei opplever at ein framand rusa person vil køyre bil.

Berre 45 prosent svarar at det er svært sannsynleg at dei vil gripe inn.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bakgrunnen for undersøkinga er alle trafikkulukkene der alkohol er innvolvert. I fjor døydde 112 personar i på danske vegar i samband med rattfyll.

- Noter bilskiltet

Svaret uroar prosjektleiar Morten Nielsen i Rådet for Større Færdselssikkerhet.

- Det ser ut til at det i dag er så tabubelagt at å køyre i fylla at folk føler deg går for tett på dersom dei seier ifrå. Det er heilt avgjerande å gje klar beskjed, dersom ein skal redusere talet på ulukker der alohol er innblanda, seier han.

Politiet oppfordrar folk til å notere bilskiltet og ringje politiet, dersom ein rusa person seg seg bak rattet.

SISTE NYTT

Siste nytt