Politiet veit ikkje kva som har skjedd, men bombeekspertar er på plass frå Stockholm. Bustadblokka fekk store skadar i eksplosjonen, fleire vindauge knuste då det som truleg var ei sprengladning gjekk av. Det er førebels uklart om det er større skadar på andre husvære enn der eksplosjonen skjedde.
Politiet har sperra av eit stort område rundt bustadblokka der eksplosjonen skjedde.
Foto: PONTUS STENBERG / NTB scanpixEin person døydde på staden, medan den andre døydde på sjukehuset. Politiet vart varsla om eksplosjonen like før klokka 16. Det skal ikkje ha vore innlagt gass i husværet, så det er truleg ikkje snakk om ein gasseksplosjon.
Pressesjef Sirpa Franzèn i Säpo, Säkerhetspolisen, seier at dei held seg informert om saka gjennom politiet for å sjå om dei kan bidra med informasjon eller ekspertise. – Vi samarbeider tett, seier ho til Expressen.
Säpo svarar til PST her i landet.
Kriminalsak
Pressetalsmann Fredrik Wallèn seier til SVT at dei ikkje veit kva som eksploderte inne i husværet. Han seier at dei etterforskar eksplosjonen som ei kriminalsak. Politiet er ikkje sikre på kven dei to personane er.
– Når slike ting hender er det i prinsippet alltid eit brotsverk. Om det ikkje var tilsikta, så kan det vere grov aktløyse, seier han.
Bombegruppa som no undersøkjer bustadblokka i Nyköping skal blant anna sjekke om det kan vere andre ting som kan vere farleg på staden.
Eit stort område er sperra av og alle dei 18 husværa i bustadblokka er evakuerte til eit eldresenter i nabolaget, der krisegruppa i Nyköping har teke mot dei.
To menneske vart drepne i ein kraftig eksplosjon i den svenske byen Nyköping i ettermiddag.
Foto: PONTUS STENBERG / NTB scanpix– Stor sprengladning
– Området blir sperra av så lenge det er naudsynt for etterforskinga, seier Fredrik Wallèn til SVT.
– Vi veit ikkje kva som skjedde. Det verkar klart at det er ei stor sprengladning som har eksploderte. Vi prøver å danne oss eit bilete av situasjonen, seier styreleiar Christer Gustavsson i bustadsameiget.
Saka blir oppdatert