Hopp til innhold

«Ulike fjes - same hatet!»

Britiske antirasistar samanliknar leiaren av European Defence League (EDL) med den terrorsikta nordmannen Anders Behring Breivik.

BRITAIN-PROTEST-EDL BRITAIN-PROTEST-EDL

I bydelen Tower Hamlets har folk samla seg for å visa at dei høgreekstreme demonstrantane ikkje er velkomne. Desse kvinnene meiner EDL-leiaren har mykje til felles med massedrapsmannen Anders Behring Breivik.

Foto: CARL COURT / Afp

I dag har EDL demonstrert mot islamisme i London. Hundrevis av motdemonstrantar samla seg i London i ettermiddag for å markera avsky mot høgreekstremistane i European Defence League.

Nokre hadde med seg plakatar med bilete av massedrapsmannen Anders Behring Breivik og EDL-leiaren Tommy Robinson side om side.

Bodskapen på plakatane er «Ulike fjes, same hatet. Rasistar er ikkje velkomne her».

London i høgspenn

EDL varsla at minst tusen av deira medlemmer vilel gjennomføra ein «statisk» demonstrasjon i Tower Hamlets i London laurdag ettermiddag. Det vil seia at dei ikkje skal marsjera i gatene, noko styresmaktene har innført eit 30 dagars forbod mot.

Det er meldt om ein del mindre samanstøytar mellom EDL-medlemer og politiet, men ikkje av alvorleg karakter. BBC melder at sju personar vart pågripne for angrep på politiet, overfall, fyll og ordensforstyrring.

Motdemonstrantane var på plass i bydelen Tower Hamlets lenge før EDL-medlemmene. Det har vore litt småknuffing, men ingen alvorlege samanstøytar.

Dei islamfiendtlege høgreekstremistane samla nyleg troppane ved Kings Kross undergrunnsstasjon i sentrum av hovudstaden.

EDL-medlemmene ropte slagord før dei saman drog vidare til Whitechapel for å demonstrera mot islam og sharia.

Britiske styresmakter frykta valdelege samanstøytar mellom høgreekstremistane og motdemonstrantane. Scotland Yard har difor 3000 politibetjentar på jobb i London i dag.

BRITAIN-PROTEST-EDL BRITAIN-PROTEST-EDL

EDL-demonstrantane var i fyr og flamme ved Kings Kross undergrunnsstasjon i London i ettermiddag.

Foto: CARL COURT / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt