Hopp til innhold

Nervøs stemning i London før EDL-demonstrasjon

Den høgreekstremistiske gruppa «English Defence League» seier det kan bli bråk i London når dei i dag demonstrerer mot islamisme og sharia.

English Defence League

Eit medlem av islamfiendtlege 'English Defence League' blir frakta vekk av politiet i London etter opptøyar i mai i år.

Foto: Kirsty Wigglesworth / Ap

English Defence League (EDL) seier dei vil halda ein fredeleg demonstrasjon, men kan ikkje utelukka valdelege samanstøytar når over tusen av deira medlemmer skal protestera mot sharia i Tower Hamlets i ettermiddag.

– Dette blir ein farleg dag, seier EDL-leiaren Tommy Robinson til Dagbladet.

30 dagars forbod

Også styresmaktene fryktar at høgreekstremistane og opposisjonsgrupper som blant anna «Unite Against Fascism» vil barka saman under dagens EDL-demonstrasjon.

Scotland Yard har laurdag 3000 politifolk i beredskap i Londons gater.

Den britiske innanriksministeren, Theresa May, har innført eit 30 dagars forbod mot demonstrasjonstog i den britiske hovudstaden. Forbodet kom etter at politiet varsla om fare for gatevald, og gjeld bydelane Tower Hamlets, Newham, Waltham Forst, Islington og Hackney.

– Eg har teke avgjerda etter å ha vurdert retten til å demonstrera nøye opp mot behovet for å sikra tryggleiken, sa May i slutten av august.

«Statisk protest»

Det er første gongen sidan opprøret i Brixton for 30 år sidan at britisk politi ber politikarane gripa inn og nytta lova om offentleg orden for å forby ein gateprotest, ifølgje avisa The Independent.

EDL har opplyst til Scotland Yard at dei ikkje skal gå i tog, men at dei vil gjennomføra «ein statisk protest» klokka 14.

Den 21.august vart fleire EDL-supporterar arresterte etter å ha laga bråk under ei årleg Ramadan-markering.

SISTE NYTT

Siste nytt