NRK Meny
Normal

Saksøkjer gruveeigarar i Chile

Familien til ein av dei 33 arbeidarane som sit innesperra i ei gruve i Chile, vil saksøkje eigarane av gruva.

Saksøkjarane meiner at eigarane av gruveselskapet San Esteban og statlege gruveinspektørar var uaktsame då dei tillét gjenopning av gruva som blei stengt i 2007, melder NTB.

Samstundes har chilenske styresmakter teke beslag i verdiane til gruve­selskapet.

Dei 33 arbeidarane har sete innesperra 700 meter under bakken sidan 5. august, då delar av gruva raste saman.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt