Det er innført unntakstilstand i dei midtre og sørlege delane av Chile, der brannane rasar.
I tillegg til dei nesten 112 døde, er over 300 menneske sakna i brannane, seier president Gabriel Boric.
Måndag morgon norsk tid brenn det framleis 40 stader.
– Det viktigaste no er å redde liv og sløkke brannane, sa han.
Tusenvis av hus er brent ned, og brannane spreier seg raskt. Styresmaktene seier sløkkearbeidet er vanskeleg på grunn av høg sommarvarme og uvanleg tørke.
Ifølge innanriksminister Carolina Toha er brannane som har rast denne helga er utan tvil dei brannane som har kravd flest menneskeliv i Chiles historie.
Ber folk evakuere
Chilenske styresmakter har registrert 159 brammar. Det er verst i Valparaíso-regionen der tusenvis av menneske er evakuert.
Presidenten oppmodar folk også i andre område som er ramma om å kome seg unna flammane.
– Ikkje nøl dersom de blir bedne om å evakuere. Brannane spreier seg raskt, og klimaet gjer det vanskeleg å kontrollere dei, sa han laurdag.
Utanriksdepartementet stadfestar overfor NRK at nordmenn er blant dei som har blitt evakuerte frå flammane, men vil ikkje seie noko om kor mange det er snakk om.
Men overfor NTB seier UD at dei jobbar med å få kartlagt kor mange nordmenn som er i områda.
Dei har også oppdatert reiseinformasjonen på heimesidene sine. Turistar blir bedne om å halde seg unna dei skogbrannramma områda.
Skogbrannar også i Argentina
Brannane blir drive fram av ei hetebølge og tørke som påverkar den sørlege delen av Sør-Amerika.
Grunnen til det uvanleg varme og tørre vêret er fenomenet El Niño. Forskarar har åtvara om at global oppvarming aukar risikoen for naturkatastrofar som intens varme og brannar.
Varmen har også ført til skogbrannar i Argentina. Der er 3000 hektar svidd av i nasjonalparken Los Alerces, kjent for sitt biologiske mangfald, sidan 25. januar.