Hopp til innhold

Såg heimbyen brenna på direkte-TV: – Klarte ikkje la vere å sjå

Familien måtte evakuera frå Grindavík natt til sundag. Nå har nokre av husa i gata deira brunne opp.

Valgerður Ágústsdóttir så hjembyen Grindavík brenne på direktesendt TV.

VIL HEIM: Valgerður Ágústsdóttir er klar på at ho skal flytta heim til Grindavík når det er trygt.

Foto: Trygve Heide / NRK

Familien hadde berre vore tilbake i huset sitt i Grindavík i ei veke då Valgerður Ágústsdóttir vakna til kjensla av eit jordskjelv.

10. november i fjor vart dei evakuerte. Natt til sundag sa ei stemme inni ho at dei måtte dra igjen.

– Det er ein spesiell lyd som me kjenner att, som eg trur er lavaen under byen, seier Ágústsdóttir til NRK.

Bilder tatt fra helikopteret til kystvakten på Island, gitt ut av RUV.

Kystvakta på Island har tatt bilete av utbrotet frå eit helikopter. Biletet er distribuert av kringkastaren RUV.

Foto: Islands kystvakt / RUV

Like etter klokka 04.00 fekk dei SMS med beskjed om å evakuera. Då hadde dei allereie pakka i nærare 40 minutt.

– Me hjelpte kvarandre med å ta med matvarer og gå ut med søpla. Så drog me.

Les også Lavaen har nådd bustadområde – hus står i brann

Lava. Grindavik.

Såg utbrot på direkte-TV

NRK møter Ágústsdóttir og familien i byen Reykjanesbær på Island. Der har dei vore mest heile tida sidan førre utbrot i november.

– Me kan bli her, men det er ikkje heime. Grindavík er mi trygge hamn. Venane og familien min er der. Eg elskar naturen. Å isbade i havet. Det er der eg kjenner meg bra, seier Ágústsdóttir.

Valgerður Ágústsdóttir og familien har dratt frå Grindavík til Reykjanesbær.

Difor var det tungt å sjå heimbyen brenna på direktesendt TV. Lavaen rann forbi berre fem-seks hus unna hennar.

Familien følger med på vulkanutbruddet på Island på TV.

Familien til Valgerður Ágústsdóttir følgjer utbrotet på direkte-TV. Dei såg utbrotet og lavaen strøyme mot heimbyen Grindavík.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Me sat limt til TV-en utan å eigentleg villa sjå det. Eg klarte ikkje la vera å sjå. Det har ikkje sokke skikkeleg inn.

– Det var ikkje noko god kjensle. Før var eg usikker på om denne augeblinken nokosinne ville kome. Me er alltid klare for eit utbrot, men når det skjedde, var det uverkeleg, seier Ágústsdóttir.

Svart lava ved nedbrente hus i Grindavik.

Lavaen har nådd hus i Grindavík. Huset til Valgerður Ágústsdóttir er ikkje råka no.

Foto: Ragnar Visage / RUV

– Mykje ein ikkje veit

På trygg avstand frå heimbyen hennar, møter Sólveig Thorbergsdóttir frå Grindavík NRK.

Ho ser utover fjella og røyken som stig opp.

– Ein spør seg sjølv om ein kan sjå på det som skjer. Det må vera forferdeleg for dei som bur der, seier ho.

Intervju med Sólveig Þorbergsdóttir, fra Grindavík, som forteller om hvordan det er nå.

Sólveig Thorbergsdóttir frå Grindavík veit ikkje når ho kan flytta heim att.

Foto: Trygve Heide / NRK

Huset hennar i utkanten av byen står framleis, utan dei store skadane. Sjølv om ho vil flytta tilbake, ser ho at det er vanskeleg å leva med uvissa om når neste utbrot kjem.

– Eg innser at det er mykje ein ikkje veit. Ein veit ikkje om det kan koma igjen om ein månad, om det opnar seg eit lavautbrot midt i byen.

Bilder tatt fra helikopteret til kystvakten på Island, gitt ut av RUV.

Kystvakta på Island har tatt bilete av utbrotet frå eit helikopter. Biletet er distribuert av kringkastaren RUV.

Foto: Islands kystvakt / RUV

Den islandske kringkastaren Ruv skriv måndag ettermiddag at vulkansprekken som opna seg sundag ettermiddag ser ut til å ha stoppa opp.

Samstundes er Grindavík framleis eit høgrisikoområde der nye sprekkar kan opna seg utan forvarsel. Grunnen under byen har stige med opptil 1,4 meter det siste døgnet, skriv Ruv.

Er ikkje redd

Valgerður Ágústsdóttir følar seg fortapt utan Grindavík.

– Eg elskar å bu i Grindavík, og saknar lokalsamfunnet. Eg er ein veldig positiv person, så eg trur me kjem oss gjennom dette saman.

Les også Vulkanutbrudd på Island: Frykter dyretragedie

I morgentimene kom det nye vulkanutbrudd på Island

Samstundes er Ágústsdóttir realistisk – livet i Grindavík blir ikkje det same.

– Eg har trua på at me kan byggje Grindavík opp att. Eg er ikkje redd.

Høyr det siste frå NRK Urix:

SISTE NYTT

Siste nytt