Hopp til innhold

Rykteflaum om IS leiar al-Baghdadi

Det er i ferd å rakne for IS, og rykte går om at toppleiinga er på flukt. På nytt har det blitt meldt at IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi er drepen.

Stop al-Baghdadi

WANTED MAN: Dusøren på Abu Bakr al-Baghdadi er på 25 millionar dollar. Men ingen veit kor han er, eller om han lever.

Foto: MarieReed / Faksimile

Syrisk fjernsyn melder at IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi skal ha blitt drepen i eit av dei mange flyangrepa mot Raqqa, byen som blir rekna som IS sin hovudstad.

MIDEAST-CRISIS/IRAQ-BAGHDADI

FØRSTE GANG HAN VISTE SEG OFFENTLEG: 5. juli 2014 viste al-Baghdadi seg i ein moske i Mosul.

Foto: Reuters TV / Reuters

Byen er ei av dei siste høgborgene til islamistrørsla, og al-Baghdadi skal ha blitt sett der, skreiv The Guardian tidleg i juni.

I helga gjekk USA-støtta opposisjonsstyrkar til angrep, med luftstøtte frå amerikanske krigsfly.

Etter to dagar med strid har styrken kome seg innanfor bygrensene, og kontrollerer to bydelar, melder AFP.

Laster Twitter-innhold

Blodige gatekampar i Raqqa

Ein kvinneleg kommandant delte nyleg bilete på Twitter, der ho står inne i Raqqa.

Syrian Democratic Forces, som dei kallar seg, er ein multietnisk styrke leia av den kurdiske militsen YPG.

Dei har med seg amerikanske spesialstyrkar, som hjelper dei med å koordinere offensiven med flyangrepa, skriv AFP.

Laster Twitter-innhold

– IS skyt på alle som stikk ut hovudet, seier ein soldat til nyheitsbyrået AFP.

Tjukk svart røyk veltar opp frå byen, og det blir rapportert om tung artillerield, og det krasse smellet frå snikskyttar-rifler.

Store bitar av ein kvit kuppel på ein moske, skal vere skoten vekk, men det svarte IS flagget heng framleis på eit og anna tak i Raqqa.

Det står att å sjå om det finst IS-leiarar i byen, eller om dei allereie har funne seg nye gøymestadar.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA-RAQQA

KRIGSTÅKA: Røyk frå brannar og eksplosiv har lagt seg som eit teppe over Raqqa. Framleis er ikkje slaget over.

Foto: RODI SAID / Reuters

Nettet snører seg

Etter kvart som kalifatet til IS har byrja kollapse, kjem det nye rykte om kor toppleiarane har gøymt seg.

MIDEAST-CRISIS/IRAQ-MOSUL

FLAGG i VINDEN: Der dei irakiske styrkane klarar å kaste ut IS, firer dei flagget for å vise kven det er som har kontrollen. Dette er frå Mosul 4. juni.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

AFPs korrespondent i Beirut, Maya Gebeily skriv på Twitter, at eit samlingspunkt kan vere byen Al Mayadin i Syria.

Men der har krigsfly herja frå lufta i vekevis, for å øydelegge viktige institusjonar og kommandosentralar til IS.

Meir enn 180 sivile skal vere drepne, melder det opposisjonelle nyheitsbyrået SOHR.

Laster Twitter-innhold

Dusør: 25 mill. dollar

al-Baghdadi har vore meldt død mange gangar, sist i 2016, da det vart hevda at ein attentatmann hadde forgifta han.

Det amerikanske utanriksdepartementet har lova ut ein dusør på al-Baghdadi til ein verdi av 25 millionar dollar, om lag 210 millionar norske kroner.

Det er ukjent om nokon har gjort krav på dusøren, og opplysningane om at al-Baghdadi er død er ikkje endeleg bekrefta.

Sivile i krysseld

Truleg regjerte IS over 300.000 sivile i Raqqa. Dei innførte strenge sharialover, og om lag 80.000 har flykta frå byen, skriv AFP.

Men framleis er det i følgje FN om lag 160.000 sivile menneske tilbake i byen, dei manglar elektrisitet og vatn.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje ei aktivistgruppe inne i Raqqa har folk blitt samde om ein fast pris på grønsaker, for å hindre at matprisane skyt i vêret.

SISTE NYTT

Siste nytt