FN varslar at innan 2050 kan den russiske befolkninga ha gått ned med éin femtedel, til 116 millionar. No vil russiske myndigheiter bruke abortforbod som middel mot befolkningsnedgangen i landet, skriv Reuters.
Talsmann for den russisk-ortodokse kyrkja, Fader Vsevolod Chaplin, i Moskva. Kyrkja støttar lovforslaget mot abort.
Foto: Alexander Zemlianichenko / ApDette foreslår dei i den nye abortlova:
- at det skal bli ulovleg med abort etter 12 veker
- å påtvinge ventetid på èi veke etter første konsultasjon om abort
- at kvinner som er kome lenger i graviditeten enn sjette veke skal måtte sjå fosteret på ultralyd, høyre hjarteslaga og få konsultasjon før dei får lov til å halde fram med inngrepet.
– Folketalet har minka over mange år og det er eit stort problem for Russland. Myndigheitene har sett det på agendaen og prøvd å oppmuntre kvinner til å føde fleire barn, seier Julie Wilhelmsen, forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), til NRK.no.
Ga bilar i premie til fødande kvinner
NUPI-forskar Julie Wilhelmsen.
Foto: NUPIOg myndigheitene har jobba hardt for å fostre ein «babyboom». Mellom anna har dei æra storfamiliar med pomp og prakt i Kreml, gitt ekstra støtte til familiar med meir enn eitt barn og til og med gitt bilar i premie til kvinner som fødde på nasjonaldagen.
Men ekspertar trur berre meir innvandring kan hjelpe på folketalet, skriv Reuters.
LES OGSÅ:
– Det er forskjell på etniske russarar og den muslimske befolkninga i landet. Den muslimske befolkninga føder mange fleire barn. Men det er ei utfordring for Russland at den etnisk russiske befolkninga er i dramatisk nedgang, seier Wilhelmsen.
Det er mykje framandfrykt i landet, og ei aukande spenning mellom folkegrupper frå Kaukasus og Sentral-Asia og etniske russarar.
Det mest brukte prevensjonsmiddelet
Wilhelmsen nemner fleire årsakar til nedgangen i folketalet: Helseårsakar, hjarte- og karsjukdommar, alkohol, røyking, HIV og aids, skadar, sjølvmord og generelt at mange russarar lever eit hardt liv.
På toppen av alt er det ingen andre plassar i verda det blir tatt fleire abortar enn i Russland. Nesten 1,3 millionar - som er 73 av 100 - abortinngrep blir gjennomført kvart år.
Abort er den mest brukte «prevensjonsmetoden» i landet.
– Ein må sjå dette på bakgrunn av dei siste 20 åra, etter Sovjetunionens fall. Det kan vere ein sosial-kulturell årsak til dei høge aborttala, at russarane hadde lite håp for framtida. I tillegg er skilsmissestatistikken i Russland ganske høg, seier Wilhelmsen.
Fleire framhevar også behovet for seksualundervisning i russiske skular.
LES:
Så godt som bestemt
Sovjetunionen det første landet som legaliserte abort i 1920, men Josef Stalin innførte forbod mot abort i 1936, nettopp for å auke folketalet. Det var deretter ulovleg fram til 1955, to år etter hans død i 1953.
No er altså forslaget om eit forbod, om enn ikkje totalforbod, igjen lagt på bordet. NUPI-forskaren forklarar at det er svært sannsynleg at dette lovforslaget går igjennom.
Familieministeren i landet har varsla at neste steg er å forby sal av angrepilla - som ho kallar «gift», ifølgje Sky News.
LES:
Vil heller ha seksualundervisning
Russiske kvinnegrupper protesterer mot lovforslaget. Dei vil heller ha seksualundervisning inn i skulen, enn å innskrenke moglegheita til å ta abort. Meir enn 150 grupper har skrive under på eit opprop mot lovforslaget.
– Kvifor skal ein prest bestemme kva eg skal gjere med kroppen min? spør den unge feministen Dina Orlova Reuters, og viser til at den ortodokse kyrkja har pressa hardt på for forbodet.