Væpna islamistgrupper raserte to gravkammer i den berømte Djingareybermoskeen frå 1300-talet i Timbuktu tysdag, ifølgje innbyggjarar.
Rundt tolv menn, væpna med spisshakker og anna utstyr, byrja å hakke laus på gravkammera etter at dei hadde skremt folk vekk med geværskot, seier ein innbyggjar til nyheitsbyrået Reuters.
Det er berre ei veke sidan islamistgrupper gjekk til angrep på andre religiøse og kulturelle heilagdommar i Timbuktu. Opprørarar har øydelagt minst åtte av 16 eldgamle mausoleum i tillegg til fleire gravkammer, i det dei kallar ein kamp mot uislamsk gudsdyrking.
Verdssamfunnet har reagert på hærverket med sterke åtvaringar til opprørarane. Tryggingsrådet i FN vedtok nyleg ein resolusjon mot islamistgruppene på bakgrunn av raseringa, og Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har varsla at dei kan bli etterforska for krigsbrotsverk.
Også Noreg reagerer sterkt.
– Eg reagerer med avsky på øydeleggingane av historiske og heilage stader i Timbuktu. Dette er ein viktig del av den historiske arva til Mali og Afrika, seier utviklingsminister Heikki Holmås