Hopp til innhold

Radikale buddhistar protesterer mot rohingya-folket sine rettar

Nasjonalistiske buddhistar demonstrerer i dag i hovudstaden Yangon mot det internasjonale presset for rohingya-folket sine rettar. Samstundes foregår det ein konferanse i Oslo for å diskutere nettopp dette.

Rohingya-folket

NEKTAR: Myndigheitene i Myanmar nektar for at dei diskriminerer rohingya-folket eller at dei flyktar frå forfølging.

Foto: SOE ZEYA TUN / Reuters

– Vi protesterer mot andre land som prøvar å presse Myanmar til å ta imot flyktningar som om dei var frå vårt land, sjølv om dei er båtfolk frå Bangladesh, seier Pamaukkah, ein av dei buddhistiske aktivistane til Bangkok Post.

Dei siste vekene har det vore retta mykje internasjonal merksemd mot det som no vert omtalt som ei flyktningkatastrofe i Søraust-Asia. Flyktningar frå Bangladesh og Myanmar prøvar å ta seg sjøvegen til Thailand, Malaysia og Indonesia.

Mange har vore på sjøen i månadsvis, og det har vore vanskeleg å ta seg inn til land ettersom dei fleste av landa har vore uvillige til å ta dei imot. Over 3000 har kome seg i land dei siste vekene, men FNs høgkommissær for flyktningar anslår at like mange framleis er på sjøen.

Ein truga minoritet

Mange av flyktningane er rohingya-muslimar, ein minoritet som lev under vanskelege kår i heimlandet Myanmar. Dei vert nekta statsborgarskap, dei får ikkje dekka grunnleggande behov og dei vert diskriminerte på fleire måtar.

Way Way NU som gjesta gårsdagens Urix på NRK2 fortel om ei gradvis innskrenking av rettane til folket hennar.

Særleg etter 2012, då fleire hundre rohingyaer vart drepne og drive på flukt i valdelege samanstøyt med dei buddhistiske innbyggarane i Rakhine-staten. Mange rohingyaer lev i dag i flyktningleirar i Bangladesh.

Flyktningane fortel om eit val mellom to onder idet dei bestemmer seg for å sette ut på den farefulle ferda til sjøs.

Myndigheitene i Myanmar nektar for at dei diskriminerer rohingya-folket eller at dei flyktar frå forfølging, ifølge Reuters.

Fleire etterlyser Aung San Suu Kyi si stemme når det kjem til rohingyaene. Ho har så langt vist seg lite villig til å uttale seg, og fleire spekulerer i at det er eit strategisk, politisk val for å halde på buddhistiske tilhengarar.

Mobiliserer i Oslo

Fleire menneskerettsorganisasjonar ber no det internasjonale samfunn om å opne opp auga, og kallar det ei humanitær katastrofe. Den norske burmakomité m.fl. arrangerer ein stor internasjonal konferanse om rohingya-spørsmålet i Oslo 26.–28. mai. Representantar frå ronhingya-folket samt ulike religiøse leiarar vil delta. Konferansen vert støtta av Nobels fredsprisvinnarane Desmond Tutu og José Ramos-Horta.

SISTE NYTT

Siste nytt