Næringslivsavisa Kommmersant skriv at Kreml, ved å leggje skulda for gisselaksjonen på internasjonal terrorisme, tillet leiarar over heile verda ikkje å ta ansvar for tryggleiken til innbyggjarane sine.
Tsjetsjenia
- Det verkar som om alle dei som vart drepne i Beslan ikkje miste livet som følgje av krigen i Tsjetsjenia, men berre fordi internasjonal terrorisme plutseleg dukka opp i Russland, skriv avisa.
Avisa Vedemosti synest det er merkverdig at Putin ikkje nemnde konflikten i Tsjetsjenia i talen sin søndag. Avisa gjer også eit nummer av at Putin nemnde oppløysinga av Sovjetunionen som ei medverkande årsak til det som skjedde.
Vladimir Putin må tole kraftig kritikk i russiske aviser i dag. (Foto: AP/Scanpix)
Avisa reagerer på at det nærmaste presidenten kom til å nemne Tsjetsjenia, var å vise til faren for borgarkrig i Kaukasus. Han burde gjort det klart at blodbadet i Beslan er knytt opp til Tsjetsjenia-konflikten, heiter det.
Ansvar
I Nezavisimaya Gazeta skriv den liberale poltikaren Vladimir Risjkov at president Vladimir Putin og tryggingstenesta FSB så avgjort har eit ansvar for blodbadet i Nord-Ossetia.
- Ein kan ikkje gøyme seg bak internasjonal terrorisme. Franske, britiske og amerikanske styresmakter har greidd å løyse problema i sine land, skriv han.
Nezavisimaya Gazeta kritiserer også dei sentrale styresmaktene i Moskva for å ha overlate til lokale leiarar i Nord-Ossetia til å ha kommandoen over motangrepet mot gisseltakarane fredag.
Kommandoen
Andrej Ryabov ved Carnegie-senteret i Moskva seier til avisa at det var vanskeleg å få eit klart svar på kven som
hadde kommandoen då ordren om motangrep vart gitt.
- Kvar var toppane frå forsvarsdepartementet, innanriksdepartementet og FSB? Dette er eiut mysterium, seier Ryabov.
Han har sin eigen teori om kvifor ingen av dei stod i første rekkje: Til mindre dei var i rampelyset, til mindre sjanse er det for at dei måtte ta ansvar for konsekvensane av aksjonen.