Gisseldramaet i Beslan har gått føre seg i over eitt døgn. Eit intervju i ei nyheitssending i russisk fjernsyn klokka 12 norsk tid var første gongen president Vladimir Putin uttalte seg offentleg om gisseltakinga i landsbyen Beslan i den russiske republikken Nord-Ossetia.
Vladimir Putin lovar at alt skal gjerast for at gislane ikkje skal bli skadde. (AFP/Scanpix-foto)
Det var ein alvorstung president som stod fram for det russiske folk. Han gjorde det klart at alt skal gjerast for at gislane ikkje skal kome til skade. Han snakka til fjernsynsreportarar under eit møte med Jordans Kong Abdullah, som er på offisiell gjesting i Moskva.
Putin sa også at terrorhandlingane i Russland den siste tida ikkje er retta mot individ eller grupper, men mot heile den russiske staten.
Han sa at det som har skjedd i Beslan er grufullt, både fordi born er tekne som gislar, og fordi det som skjer kan øydeleggje den skjøre balansen mellom religiøse og nasjonale grupper i Kaukasus.
350 born og vaksne vart tekne som gislar i går føremiddag av det som truleg er tsjetsjenske separatistar. 12 sivile russarar er drepne hittil, det same er ein av terroristane.