Hopp til innhold

Prominent vêr-meldar på BBC

Prins Charles hoppa på kort varsel inn som vêrmeldar på BBC Skottland i dag. Og prinsen av Wales greidde seg bra.

Video Kongeleg verpresentasjon på BBC

VIDEO: Kongeleg verpresentasjon på BBC

Den britiske tronarvingen var saman med kona Camilla på omvising i BBC sine lokale i Glasgow i Skottland, då han vart utfordra om å prøve seg som vêrmann. Han var sporty og tok på seg oppgåva, og presenterte dei heller dårlege vêrutsiktene for Skottland stødig og profesjonelt.

Han las opp ei ferdig vêrmelding, men la inn eigne kommentarar her og der, til dømes då han oppdaga at det kongelege Balmoral-slottet var teke med i meldinga.

– Who the hell wrote this script, spurde han då meldinga for Balmoral kom opp på tekstskjermen. (- Kven i h ... har laga dette manuset?)

Han la også til eit hjartesukk etter å ha førebudd sjåarane på regn, vind og snø over det aller meste av Skottland.

– Gudskjelov at det ikkje er offentleg fridag (bank holiday), avslutta han med.

LES OGSÅ: – Beskjeden kom brått på

LES OGSÅ: Royal visitt i regnbyen

LES OGSÅ: – Jeg fikk prins Charles til å le

LES OGSÅ: Prins Charles og hertuginne Camilla fikk kongelig velkomst

LES OGSÅ: Prins Charles møter Utøya-overlevende i dag

SISTE NYTT

Siste nytt