Det har lenge vore spekulert i kva namnet ville bli. Blant bookmakerane hadde Alice, Charlotte og Elizabeth best odds.
Måndag møtte prins William dronning Elizabeth for å fortelje henne om kva namn dei hadde bestemt seg for. Ingen andre fekk vite det før dronninga var informert.
- Sjå også:
- Sjå også:
Med namnet Charlotte Elizabeth Diana er prinsessa kalla opp etter farmor Diana og oldemor dronning Elisabeth. Kate si søster heiter Philippa Charlotte.
Tradisjonsrike namn
– Charlotte er eitt av dei mest kongelege namna du kan få, seier Trond Norén Isaksen til NRK. Han er forfattar, historikar og monarkiekspert. – Charlotte var gift med kong George III, og barnebarnet deira, som også heitte Charlotte, skulle blitt dronning. Ho døydde i barselseng i 1817. Charlotte er også ei form av namnet Charles, prinsessa sin farfar. Ei anna form av Charlotte er Carole, som er mormor hennar. Namnet har også band til fleire andre kongelege.
- Sjå også:
– Kva så med Diana-namnet?
– Kongefamilien har på sett og viss fått ein viss distanse til Diana etter at ho blei skild og døydde. Men prins William har ikkje det. Han gav jo Dianas ring til Kate då dei forlova seg. Det var ei tydeleg markering som blei forsterka og vidareført i dag. Det vi ser no, er Dianas tilbakekomst til familiens slektstre. Ho blir igjen ein del av det britiske monarkiet, seier Trond Norén Isaksen.
Sterk støtte
Prinsessa er den fjerde i arverekkja etter bestefar prins Charles, faren William (32) og broren George (snart 2). Ho blei fødd laurdag klokka 08.34 på St. Mary's Hospital i Westminster, ein bydel i London.
Oppslutninga om kongehuset er sterk i Storbritannia. Nyleg sa 7 av 10 britar at dei støttar kongehuset. Mange gjev Kate æra for at kongehuset igjen er populært. Oppslutninga har falle kraftig i tida etter at prinsesse Diana døyde i 1997.