Hopp til innhold

President: - Fryktar matmangel på Vanuatu

Presidenten på Vanuatu fryktar matmangel etter at den øydeleggande syklonen Pam slo inn over land i helga. Stillehavsnasjonen ber verda om hjelp.

WEATHER-VANUATU/CYCLONE Children stand in front of debris on a street near their homes after Cyclone Pam hit Port Vila, the capital city of the Pacific island nation of Vanuatu

Born hjelper til med å rydde opp etter syklonen i Vanuatus hovudstad Port Vila

Foto: STRINGER / Reuters

WEATHER-VANUATU/CYCLONE Vanuatu's President Baldwin Lonsdale speaks during an interview with Reuters in Tokyo

President Baldwin Lonsdale ba verda om hjelp då han talte på eit FN-møte i Japan om naturkatastrofer søndag.

Foto: ISSEI KATO / Reuters

– Uveret har utsletta alle framskritt vi har gjort dei siste åra. Alt må byggast opp igjen, sa Vanuatus president Baldwin Lonsdale, då han bad det internasjonale samfunnet om hjelp.

Regjeringa på Vanuatu fryktar overlevande vil gå tomme for mat, fordi dei fleste på øygruppa lever av maten dei dyrkar. No har syklonen øydelagt avlingane deira.

– Eg reknar med at folk har mat i ei veke til, så treng vi å få matrasjonar ut til folk, seier ein talsmann til president Lonsdale til australsk kringkasting.

WEATHER-VANUATU/CYCLONE Local resident Uwen Garae stands in his home damaged by Cyclone Pam in Port Vila, the capital city of the Pacific island nation of Vanuatu

Ein heim utan tak i hovudstaden Port Vila.

Foto: POOL / Reuters

Redningsarbeidet er i gang

24 personar er bekrefta døde, og rekognoseringsfly frå det australske flyvåpenet sirkler rundt for å greie ut kor store øydeleggingane er.

Naudhjelpsarbeidarar arbeider samtidig med å nå ut til dei mest aude lokalsamfunna på øygruppa. Frykta er stor for at dødstala vil stige om dei ikkje når ut i tide.

Vanuatu Cyclone Pam

Australia sender naudhjelp, men fryktar dei ikkje vil klare å nå ut til alle dei 80 øyane i tide.

Foto: Dave Hunt / Ap

– Det er eit desperat behov for vatn, mat og husly. Og vi er spesielt uroa for dei som bur i isolerte lokalsamfunn som ein berre kan nå med båt, sa regionsjef for Røde Kors, Aurelia Balpe.

80 prosent av heimane rasert

Syklonen gjorde mest skade sør på øygruppa.

Blant dei hardast råk øyane er Tanna 20 mil sør for hovudstaden Port Vila. Der skal 80 prosent av bygningsmassen vere knust eller blåst på havet. Sjukehuset er utan tak.

– Det var ikkje berre bygningane syklonen la flatt men også palmetrea, sa Australias utanriksminister Julie Bishop.

VANUATU-WEATHER-CYCLONE

Ei kvinne ryddar opp etter syklonen på øya Tanna.

Foto: JEREMY PIPER / Afp

Australia har teke leiinga i hjelpeaksjonen, og kallar det ein av dei verste naturkatastrofane som nokosinne har råka Vanuatu.

Regjeringa på Vanuatu fryktar at halve befolkninga kan vere råka av syklonen, det er om lag 130.000 menneske. 3.000 har mista heimane sine.

Telefonlinjene er på veg til å bli reparerte, men framleis er mange av dei 80 øyene på Vanuatu utan telefonforbindelse.

WEATHER-VANUATU/CYCLONE An aerial view of the destruction after Cyclone Pam in Port Vila, capital city of the Pacific island nation of Vanuatu

Store øydeleggingar etter syklonen Pam.

Foto: EDGAR SU / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt