Hopp til innhold

- Reell valdtekt gir ikkje graviditet

Den republikanske kongressrepresentanten Todd Akin har møtt sterke reaksjonar etter at han i eit tv-intervju sa at kvinner som blir valdtekne, svært sjeldan blir gravide.

Kort innslag med kongresspolitikar Todd Akin om abort og graviditet.

VIDEO: Sjå Akins utspel om abort og graviditet

– Slik eg har forstått det på legar, så har kvinnekroppen måtar å kvitte seg med det, dersom det er snakk om ei reell valdtekt, sa Todd Akin til fjernsynsstasjonen KTV1 i St. Louis i Missouri søndag. Dermed skulle det ikkje vere nødvendig med ei lov som tillet abort etter valdtekt, sa han.

Akin har seinare beklaga det han sa, men stormen rundt han held fram. Til og med Mitt Romney, presidentkandidaten til Det republikanske partiet, har gått ut og teke avstand frå utsegnene til Akin.

Akin beklagar utsegna

Han gjorde det klart at han som president ikkje vil motsetje seg at kvinner som blir valdtekne, skal innvilgast abort.

– Det er heilt klart at eg har forsnakka meg her. Det som vart sagt avspeglar ikkje den djupe empatien eg har overfor dei tusenvis av kvinnene som blir valdtekne og misbrukte kvar einaste dag, seier ein angrande Akin.

Han er likevel klar på at han framleis er motstandar av å gi kvinner rett til abort etter valdtekt. Han meiner det er eit viktig prinsipp at det ikkje er barnet som skal straffast, men gjerningsmannen.

Sjokkert motkandidat

Todd Akin har seks periodar bak seg som kongressrepresentant for Missouri. Han kjempar no med demokraten Claire McMaskill om ein plass i Senatet ved valet 6. november.

Som kvinne og tidlegare statsadvokat, med fleire hundre valdtektssaker bak meg i retten, er eg sjokkert over det Akin har sagt om offera for valdtekt, skreiv ho på Twitter i natt norsk tid.

I ei fråsegn frå valkampanjen til den tidlegare statsadvokaten heiter det at Alkins politiske historie er full av tilfelle der han støyter kvinner.

SISTE NYTT

Siste nytt