Hopp til innhold

Polen er hardt råka, no stengjer dei kyrkjegardane

Warszawa, Polen (NRK): Ekteparet Nowak er fortvilte over at dei ikkje får besøke grava til sonen som nyleg omkom i ei tragisk ulukke. Men koronasmitten aukar så mykje at styremaktene ikkje har anna val enn å stramme inn.

Hit men ikkje lenger

Hit men ikkje lenger. Malgorzata Nowak legg ned blomane ved porten til kyrkjegarden, mange har gjort det same.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

NRK møter ekteparet Malgorzata og Janusz Nowak ved den største kyrkjegarden i Warszawa. Ekteparet mista nyleg son sin i ei tragisk trafikkulukke.

Sidan det ikkje lenger er lov å gå inn på kyrkjegarden, tenner dei eit lys ved porten og ber ei stille bøn.

– Det er veldig vanskeleg å tenkje på at grava til sonen vår er like der borte. Vi forstår ikkje desse reglane, fortel Malgorzata til NRK.

Kyrkjegard

Ekteparet Malgorzata og Janusz Nowak får ikkje besøke grava til sonen sin.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Stenger kyrkjegardane

Polen er hardt råka av korona. Og styresmaktene stenger kyrkjegardane over heile landet for å hindre smitte.

Siste døgn var det 21.897 nye smittetilfelle og 280 dødsfall. Situasjonen er i ferd med å kome ut av kontroll.

Samtidig er det allehelgensdag som er ei viktig høgtid i Polen. Vanlegvis vil dei aller fleste polske familiar besøke kyrkjegarden og pynte gravene til sine kjære som har gått bort.

Ser

Malgorzata Nowak ser mot grava til sonen sin.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Blomsterbutikkane fortviler

For blomsterseljarane som held til ved kyrkjegarden betyr stenginga økonomisk ruin, fortel dei til NRK.

Blomsterseljar

Blomsterseljar Krysztof Ruslin (til venstre) hadde gleda seg til høgtida, men det er få som kjøper blomar når kyrkjegarden er stengd.

Foto: Andras D. hajdu / NRK

– Vi har gleda oss lenge til denne dagen, og vanlegvis gjev det oss inntekt som vi kan leve på i eit halvt år. Neste sjanse til å tene pengar er i påska, men ingen veit enno korleis situasjonen vil vere då, fortel blomsterseljar Krysztof Ruslin til NRK.

No patruljerer polsk militærpoliti kyrkjegarden, ingen slepp inn.

MP

Polsk militærpoliti hjelp politiet med å patruljere kyrkjegardane.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

– Kyrkjegardane var ikkje eingong stengd under kommunismen

Damian Mrugalski er munk og prest ved Den dominikanske kyrkja i Warszawa. Han fortel at det å besøke gravene på allehelgensaftan er ein svært viktig tradisjon i Polen.

– Sjølv ikkje under kommunismen stengde dei kyrkjegardane, fortel han til NRK.

Mrugalski fortel han prøvar å trøyste folk som kjem til kyrkja ved å be saman med dei og utføre ritualet som vanlegvis ville skje ved ei grav.

Munk og prest

Prest og munk Damian Mrugalski freistar å trøyste alle som ikkje får besøke gravene til sine kjære.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Bygger feltsjukehus

Den polske hæren bygger nå eit stort feltsjukehus ved det nasjonale stadion i Warszawa.

Feltsjukehuset skal ha ein kapasitet på 1.200 senger og der skal vere 90 respiratorar og 160 hjartemonitorar. På fotballbanen er det sett opp ein stor oksygentank og det er brukt 5 kilometer med rørledninger for å knytte sjukehussengene til et nettverk av oksygen.

Førre veke måtte restaurantar og barar stenge. Forsamlingar på meir enn fem personar er forbode og alle må bere munnbind både inne og ute på gata.

SISTE NYTT

Siste nytt