Hopp til innhold

Plassen som klimaversting ledig

Det er både fornuftig og demokratisk med debatt, og sunt med skepsis sjølv når tusenvis av forskarar frå heile kloden er i stand til å trekke felles konklusjonar. Men det verkar desperat når skepsisen må kjøpast.

Helen Bjørnøy
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For samtidig som FN-panelet la fram rapporten sin i Paris i går, var ei høgreorientert amerikansk tankesmie ute og tilbaud 10000 dollar-løner til vitskapsfolk som kan levere kritiske merknader til rapporten.

Rapporten var ei varsla nyhet, forventa skremmande, fordi vi alle er blitt meir og meir klar over kva veg det ber frå miljørapportane og dommedagsscenaria som har kome i stadig tettare rekkefølgje.

At det blir farleg varmare. At der det er vått blir det våtare og der det er tørt tørrare. At ørkenen spreier seg og mangfaldet i naturen blir mindre. At det blir meir svolt og vassmangel, breane vil smelte, havet stige og øystatar i Stillehavet bli borte.

At ekstremveret blir meir ekstremt og havstraumane finn nye vegar. Og at Afrika får det verst av alle.

Rapporten over alle

Nå fekk vi rapporten over alle desse rapportane, enda sterkare fokusert og veldokumentert og med litt større tal.

Spørsmålet om klimaendringane kan vere menneskeskapte, bør vere over. BBC bestemte alt i fjor at den debatten er død og at det ikkje skal brukast sendetid på den lenger.

Det får så vere at det også er dei som synest klimaskiftet har sine gode sider. Enkelte i Australia gliser visstnok ondskapsfullt over tanken på alle luksushusa langs dei vakre strendene som nå står i fare for å bli tatt av havet. Og i Russland skal det vere folkelege forventningar til dei varmare vintrane.

Ikkje tvil

Men det må ikkje vere noen tvil: Vi er alt kome så langt at sjølv om dei mest dramatiske og kostbare tiltaka for å stanse klimagassutsleppa våre nå blir sette i verk, kan vi ikkje hindre at dei økologiske systema på kloden blir kraftig endra - og liva våre med dei. Vi er langt forbi det punktet der vi kan - for å seie det slik - fryse den negative utviklinga.

EU snakkar nå ambisiøst om å bremse temperaturauken til to grader. Det blir kostbart. Å holde igjen til to grader krev at CO2 utsleppa må reduserast med 75 prosent dei næraste tiåra, at teknologien tar kjempedyre steg og bensinprisen truleg må doblast.

For bare å nemne det: I Kina aleine kosta ulike tragedier knytta til veret i fjor 3000 menneskeliv og materielle skader for 200 milliardar kroner. Og vi er bare i byrjinga.

Lett å vere etterpåklok 

Det er lett å vere etterpåklok og spørre kvifor ikkje verda har tatt dette innover seg tidlegare. Det har knapt stått på forskarane. Alt på 1800-talet oppdaga ein irsk vitskapsmann at CO2 hadde drivhuseffekt i atmosfæren, og det er meir ennn 40 år sidan amerikanske forskarar fastslo at CO2-konsentrasjonen der oppe var aukande og gjorde president Lyndon B. Johnson uroleg over utsleppa.

 

Det er bare tre år sidan John McCain og Hillary Clinton var på Svalbard og såg den dramatiske nedsmeltinga av breen i Kongsfjorden. Nå vågar dei å flagge den innsikten besøket i Ny-Ålesund ga dei.

Heitaste politiske ordet

Plutseleg er klima det heitaste politiske ordet både blant presidentkandidatane, i Kongressen, i delstatane og i amerikansk industri. USA kjem ofte seint i slike saker, men fort når dei først begynner å røre på seg.

 

Det er interessant at vi samtidig får ein heimleg krangel om våre eigne klimamål, og tankevekkande at norsk økonomi og norske arbeidsplassar brått er tunge argument mot at Norge skal oppfylle dei internasjonale pliktene sine i klimapolitikken. Akkurat dei same argumenta som president Bush har nytta i kampen mot Kyoto.

Til nå. Plassen som klimaversting er i ferd med å bli ledig, og annleislandet Norge er ein vaklande kandidat.

SISTE NYTT

Siste nytt