Hopp til innhold

Planlegg militærallianse mot USA

President Hugo Chávez i Venezuela vil danne ein militærallianse med andre latinamerikanske land for å forsvare seg mot USA.

Hugo Chavez

Daniel Ortega og Hugo Chavez.

Foto: HO / AFP

- Dersom amerikanarane går til åtak på oss, så går dei til åtak på oss alle. Då vil vi ta att som ein, forklarte Chávez via TV-showet "Alò Presidente" i går.

No har han bede Nicaragua, Cuba, Bolivia og Den dominikanske republikk om å vere med å danne militærallianse mot USA.

Hugo Chávez har i lang tid vore kritisk til det han ser som amerikansk imperialisme. Han er overtydd om at USA utgjer ein trussel for Sør- og Mellom-Amerika.

SISTE NYTT

Siste nytt