Jose Vasquez (45) frå Madrid er tilsett i det offentlege, og han er ikkje optimist. Han veit at det vil kome nedskjeringar, og trur ikkje det spelar så stor rolle kven som kjem i regjeringsposisjon.
– Vi kan velje sausen dei skal koke oss i, men vi kjem uansett til å bli kokt, seier han.
Alle meiningsmålingar tyder på eit valskred for det største opposisjonspartiet Partido Popular (PP). Det sosialdemokratiske partiet, leidd av statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero, har hatt regjeringsmakta i Spania i åtte år.
LES OGSÅ:
Legg skulda på Zapatero
Zapatero stiller ikkje til gjenval, og etterfølgjaren, partiveteranen Alfredro Perez Rubalcaba, slit med å få tillit til veljarane. Den økonomiske krisa har ramma Spania hardt, og mange legg skulda på Zapatero og hans regjering.
Rubalcaba har vore medlem av regjeringa i fleire år, og det er vanskeleg for han å distansere seg frå den politikken som har blitt ført dei siste åtte åra.
Mariano Rajoy har gått til val på å rydde opp i økonomien, og dette har gitt han god oppslutning på meiningsmålingane. Men han har ei formidabel oppgåve å ta fatt på som nye statsminister.
Mange er redde for sosial uro i Spania. Det gamle fascistpartiet, tilhengjarane av den avlidne diktatoren Francisco Franco, som regjerte Spania med jarnhand i nesten 40 år, heldt ein demonstrasjon i Madrid laurdag.
LES OGSÅ:
Høg arbeidsløyse
Spania har i dag ei arbeidsløyse på 21,5 prosent, og blant unge menneske er talet endå høgare. Det er gjeldskrise og økonomisk tilstand, og bustadmarknaden er i
.Zapatero-regjeringa har fått skulda for det meste som har fått gale i Spania. Først for den økonomiske krisa, og deretter for dei tøffe tiltaka som vart sette i verk for å økonomien på fote igjen. Og det er venta at ei ny regjering vil innføre endå tøffare nedskjeringar.
At regjeringa har greidd å stanse det baskiske opprøret, tel ikkje så mykje lenger. For no kjenner innbyggjarane i Spania den økonomiske krisa på kroppen. Landet er sterkt prega av pessimisme, og fleire observatørar seier at mange vil røyste på PP berre for forandringa si skuld.
LES OGSÅ:
– Må skape nye jobbar
– Vi må gjere noko drastisk. Vi har ein forferdeleg situasjon med fem millionar arbeidsledige og ein og ein halv million utan inntekt. Eg takkar Gud for at eg ikkje har mist jobben min, seier Luis Escobar, ein 50 år gammal hotelltilsett til nyheitsbyrået Reuters.
Escobar kjem til å røyste på PP, fordi han har håp om at dei vil gjere meir for å skape nye arbeidsplassar.
– Den beste sosialpolitikken er å skape arbeidsplassar. Dei som styrer i dag har ikkje gjort noko for dette, sjølv om det er heilt nødvendig, legg han til.