Hopp til innhold

Palin: – Trump er den beste hestehandlaren

Tidlegare Alaska-guvernør Sarah Palin støttar Donald Trump. – Amerika fortener betre enn den «kne-skjelvande» Barack Obama, sa ho under eit valmøte i Iowa i natt.

Palin støtter trump.

Sarah Palin sto frem som støttespiller for Donald Trump, som ønsker å bli republikanernes presidentkandidat.

Beskjeden frå Sarah Palin var klar. Amerika er leia av ein feiging, medan establishmentet i Det republikanske partiet hadde stått og sett på.

US-POLITICS-MEDIA-PALIN US-POLITICS-MEDIA-PALIN

Sarah Palin har blitt konservativ kjendis og forfattar etter den høgprofilerte valkampen saman med John McCain. Palin tapte mot Obama og Biden.

Foto: HO / AFP

– Ein veik-knea «capitulator in chief» har bestemt at Amerika skal bli leda bakfrå, sa Palin.

Eksempelet henta ho frå tysdag, då to amerikanske marinebåtar hadde drive inn i iransk farvatn og blitt teke i arrest.

– Og han (Obama) forhandla med kompetansen til nokon som organiserer eit lokalt kaffislabberas. Han fann ut at USA skulle be om orsaking – vi orsakar oss, bøyer av og vi seier «takk, fiende».

– Vi er no klar for ein ny kommandant, med ein CV som viser at han meistrar det å få til gode avtalar. Ein som kan å forhandle, sa Palin.

US-POLITICS-PALIN-CONDOMS US-POLITICS-PALIN-CONDOMS

Palin, ein profilert abortmotstandar.

Foto: EMMANUEL DUNAND / AFP

– Palin ein akta konservativ

– Sarah Palin er ein god ven av Donald Trump, ein person av høg kvalitet, heiter det i ein utsegn frå milliardæren.

Der blir det også lagt vekt på at Palin er ein akta konservativ politikar, som støttar ein slank offentleg sektor, ein ansvarleg økonomisk politikk og er mot abort.

I 2008 vart Palin superkjendis over natta då ho var John Mc Cain sin visepresidentkandidat.

Ho har stor støtte i Tea Party-rørsla, og i den opprørske underskogen i Det republikanske partiet.

2012 The Waiting Game

Teaparty rørsla nyttar Palin som eksempel på ein god amerikanar, som opponerer mot dei etablerte politikarane.

Foto: Scott Sady / Ap

Ifølgje avisa New York Times, kan Trump få god draghjelp frå Palin i Iowa, der nominasjonskampen byrjar om knappe to veker. Spesielt blant konservative kristne amerikanarar har Palin framleis ei høg stjerne.

SISTE NYTT

Siste nytt