Hopp til innhold

Den palestinske ambassadøren om anerkjenninga: – Eit lys i denne mørke tunnelen

Anerkjenninga av Palestina gir von for mange, medan Israel sin statsminister meiner ho er ei lønn for terrorisme.

Marie Antoinette Sedin

GLAD: Då Marie Antoinette Sedin kom til kontoret sitt onsdag, vart den palestinske ambassadøren til Noreg møtt av fleire blomsterbukettar frå støttespelarar.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Onsdag vart det klart at Noreg vil anerkjenna Palestina som ein eigen stat. Det same vil Spania og Irland.

– Dette betyr mykje. Det betyr von, eit lys i denne mørke tunnelen. Det betyr eit løft og støtte.

Det seier Marie Antoinette Sedin, den palestinske ambassadøren til Noreg.

NRK møter ho på kontoret hennar, kor ho onsdag vart møtt av blomsterbukettar og kort med støttande ord.

Det er mange kjensler på ein dag som denne.

Dette er ein dag for smil?

Ja, det er lenge sidan me har hatt ordentlege smil, svarar Sedin – og smiler.

– Eit godt steg framover

Nyheita har òg nådd ein flyktningleir i Khan Younis, sør i Gaza.

– Den norske anerkjenninga av Palestina gir ei stor von. Det er eit skritt i rett retning, og eg vonar fleire land gjer det same som Noreg.

Det seier Aisa al-Astal til eit lokalt team NRK samarbeider med i Gaza.

Òg Iman Mougwar vonar at dette kan endra situasjonen til det betre for palestinarane.

Iman Mougwar

Iman Mougwar bur no i ein flyktningleir i Khan Younis, sør i Gaza.

Foto: Ahmed Abu Kmeil / NRK

– Eg er optimist. Eg trur på våpenkvile mellom oss og Israel. Men me treng at folk står saman med oss, seier ho.

Hani Eldada, gjesteforskar ved Universitetet i Oslo, trur at avgjerda frå Noreg, Spania og Irland vil få andre til å følgje etter.

– Nokre meiner dette kjem for seint, men det er betre enn aldri. Eg trur dette er eit godt steg framover for å oppnå ein reell palestinsk stat, seier han.

Hani Eldada

Ei anerkjenning frå Noreg er svært velkomen, sjølv om ho kunne komme tidlegare, meiner Hani Eldada.

Foto: Privat

– Lønner terrorisme

Israel har vore svært kritiske til anerkjenninga. Statsminister Benjamin Netanyahu meiner Noreg lønner terrorisme.

– Dette vil vere ein terrorstat som kjem til å gjennomføra 7. oktober-massakren igjen og igjen, seier Netanyahu ifølgje NTB.

Les også Israels ambassadør: – Norge er et av de mest fiendtlige landene

israel-ambassade-1
Allereie kort tid etter at nyheita vart presentert onsdag morgon, vart det klart at Israel kallar tilbake ambassadør Avi Nir-Feldklein frå Noreg.

Til NRK seier Nir-Feldklein at anerkjenninga berre vil komplisera situasjonen, og ikkje bringa partane nærare ei fredsløysing.

Noreg har tidlegare bidratt til forhandlingar mellom Israel og Palestina, fordi dei ikkje tok side i konflikten.

– I dag mista Noreg den rolla, meiner Nir-Feldklein, som seier at Israel si tillit til den norske regjeringa no er borte.

Israel og Palestina 1949

De rosa feltene viser palestinske områder fra 1949 frem til 1967. Gaza var da okkupert av Egypt. Vestbredden var okkupert av Jordan.

Når Norge nå anerkjenner Palestina som egen stat, er det disse grensene Norge mener staten Palestina og staten Israel bør basere seg på, med Jerusalem som delt hovedstad og med åpning for avtaler om landbytte.

Israel og Palestina i dag

De rosa feltene viser de palestinske områdene i dag. I Gaza pågår krigen for fullt mellom Israel og Hamas.

På Vestbredden viser de rosa områdene hvilke områder som er palestinskstyrte og delvis palestinskstyrte. De mørkeblå områdene er underlagt israelsk kontroll.

Grafikk: Eirik Kirkaune, NRK / KARTDATA FRA OPENSTREETMAP

Meiner ein må pressa Israel

Den palestinske ambassadøren, derimot, meiner ikkje dette vil gjera fredsforhandlingane noko vanskelegare.

– Me har vore vitne til 30 år med forhandlingar, medan me har fått fleire busettingar, meir beslag av land og fleire fordrivne menneske. 30 år med forhandlingar har ikkje leidd til noko. No må styresmaktene i Israel få press mot seg, seier Sedin.

Trur du Noreg si anerkjenning av Palestina vil bringa partane nærare fred?

Det er kanskje ikkje lett, men eg trur ho vil føra til det. Når me står på like fot som statar, då kan me diskutera ei tostatsløysing.

Marie Antoinette Sedin

Ei anerkjenning av Palestina er det fyrste steget mot fred, trur Marie Antoinette Sedin.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Heller ikkje Hani Eldada trur anerkjenninga vil øydeleggja for fredsforhandlingane.

– Eg trur ikkje dette vil påverka Noreg si rolle som fredsforhandlar i denne prosessen. Eg trur ikkje det, eg trur dette er eit godt steg for å støtta palestinaranes rett til sitt eiga land, seier han.

USA er skeptiske

Noreg vart det 144. medlemslandet i FN som har anerkjent Palestina.

Like etter at Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide presenterte det nye standpunktet til Noreg, vart det klart at Spania og Irland òg vil anerkjenna Palestina.

USA, derimot, er ikkje mellom dei som har anerkjent Palestina som eigen stat.

– Ein palestinsk stat bør realiserast gjennom forhandlingar, ikkje gjennom einsidig anerkjenning, seier ein talsperson for Det kvite hus, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Andre land er òg skeptiske til om det er rett tidspunkt å anerkjenna Palestina, mellom anna Frankrike.

Inga feiring

Fleire gonger i intervjuet beskriv Marie Antoinette Sedin dagens nyheit som eit lys i ein mørk tunnel.

Det er ingen tvil om at ho er glad for anerkjenninga, og meiner ho er viktig.

Likevel skal ho ikkje feira.

– Nei. Me har ikkje feira jul eller påske. Me har ikkje feira nokre høgtider fordi vårt folk i Gaza vert bomba.

SISTE NYTT

Siste nytt