Det er uklart kva som akkurat skjedde. Rådgjevaren ville ikkje gi detaljar om angrepet på innanriksministeren, men han seier at Iqbal vart treft i armen. Han legg til at skadane ikkje er livstruande.
Malik Ahmed Kahn, talsmann for styresmaktene i delstaten Punjab, seier at Ahsan Iqbal deltok på eit politisk møte i sin eigen valkrins i Narowal-distriktet då eit skot ramma han i den høgre armen.
Overmanna av politiet
– Angriparen skulle til å fyre av eit skot nummer to då han vart overmanna av politifolk og møtedeltakarar, seier Kahn. Mannen som skaut vart straks arrestert. Ahsan Iqbal vart raskt ført til sjukehus i Lahore, der han får behandling.
Motivet for skytinga er ikkje kjent.
Det er venta val i Pakistan til sommaren, og møtet i Narowal var som ei førebuing til valkampen.
Slit med oppslutninga
Det regjerande partiet Den muslimske ligaen (PML-N) har slite med oppslutninga den siste tida, og dei prøver no å reise seg igjen etter fleire store skandalar. Tidlegare statsminister Nawaz Sharif vart fjerna frå stillinga i fjor etter ei avgjerd i Høgsterett, etter at han vart funnen skuldig i korrupsjon.
Han er utestengd frå all politikk på livstid.
Sist månad vart utanriksminister Kawaja Asif avsett av Høgsterett, etter at han vart dømd for brot på dei pakistanske vallovene.