Hopp til innhold

Pågripen for Politkovskaja-drap

Mannen som er mistenkt for drapet på den russiske journalisten Anna Politkovskaja i 2006, er pågripen av russisk politi, melder nyheitsbyrået AFP.

Anna Politkovskaja

Anna Politkovskaja vart drepen i 2006.

Foto: Claudio Bresciani / SCANPIX

Den pågripne er Rustam Makhmudov, opplyser advokaten til familien. Arrestasjonen er også stadfesta av russiske styresmakter.

Tidlegare er tav brørne til Makhmudo pågripne i saka og stilde for retten i same saka. Begge vart frikjende av juryen, men rettsprosessen har vore svært omdiskutert. Rettssaka har vore kalla ein farse .

Russisk høgsterett oppheva seinare frikjenningane og kravde ny etterforsking av drapet på den regimekritiske journalisten. Deretter vart det sett i verk ny etterforsking av saka .

Rustam Makhmudov vart arrestert i huset til foreldra hans i Tsjetsjenia. Advokaten hans reknar med at han vil bli teken til Moskva i løpet av kort tid.

Anna Politkovskaja var ein av dei mest kjende regimekritiske journalistane i Russland då ho vart drepen utanfor heimen sin i Moskva.

LES OGSÅ: Pressefrihetens kår i Russland, Ukraina og Hviterussland

LES OGSÅ: Avisa utstyrer journalistene sine med våpen når de skal på jobb

LES OGSÅ: Leter etter Politkovskajas drapsmann i Belgia

LES OGSÅ: Det russiske problemet Tsjetsjenia

LES OGSÅ: Anklager Tsjetsjenias president for drap

LES OGSÅ: Journalist skutt i Dagestan


SISTE NYTT

Siste nytt