Hopp til innhold

Hjelpeorganisasjonen Oxfam i hardt ver etter prostitusjonsskandale

Den britiske hjelpeorganisasjonen Oxfam møter knallhard kritikk etter avsløringa om at tilsette har kjøpt sex av prostituerte. Nestleiaren går av.

BRITAIN-CHARITY-OXFAM-PROSTITUTION-HAITI-CHAD-RESIGN

Nestleiar i Oxfam, Penny Lawrence, skammar seg over det som har skjedd, og går av.

Foto: CHARLOTTE BALL / AFP

Det var etter jordskjelvet i Haiti i 2010 at bistandsarbeidarar frå Oxfam kjøpte sex av unge prostituerte, ifølgje avisa The Times. Avsløringa kom før helga.

Oxfam er ein av dei mest kjende organisasjonane i verda, med bistandsprogram i ei rekkje land.

Ifølgje avisa hadde Oxfam sin landdirektør for Haiti, Roland van Hauwermeiren, prostituerte med seg til ein villa som organisasjonen leigde til han etter jordskjelvet.

Avisa skriv at Oxfam var kjent med at tilsette i hjelpeorganisasjonen kjøpte sex av prostituerte.

Haiti

Den britiske bistandsorganisasjonen Oxfam dreiv eit omfattande hjelpearbeid i Haiti etter jordskjelvet i 2010. No er organisasjonen i hardt ver etter avsløringar om at medarbeidarar skal ha kjøpt seksuelle tenester.

Foto: SWOAN PARKER / Reuters

Nestsjef går av

Widza Bryant, som arbeidde for Oxfam i Haiti i tre år frå 2009, seier til BBC at det gjekk mange rykte om leiarar som utnytta unge seksuelt og lokka dei med jobb og høgare status.

Ho delte rykta om det som skjedde med sjefen sin ei rekkje gonger.

Måndag blei det kjent at nestsjefen i Oxfam trekkjer seg frå stillinga si.

– Eg skammar meg over det som skjedde på den tida eg var programdirektør, og eg tar det fulle og heile ansvaret, seier Penny Lawrence.

Men Oxfam nektar for at organisasjonen har prøvd å skjule skandalen.

Britain Oxfam

Bistandsminister Penny Mordaunt møtte toppsjefen i Oxfam måndag.

Foto: Nick Ansell / AP

– Må vise moralsk leiarskap

No står organisasjonen i fare for å misse støtta si frå britiske styresmakter. Søndag sa bistandsminister Penny Mordaunt at ho forventar at Oxfam og andre bistandsorganisasjonar set i verk tiltak for å hindre at tilsette kjøper seksuelle tenester når dei er ute på oppdrag.

– Vi ventar at organisasjonane samarbeider fullt ut med styresmaktene. Dei som ikkje gjer det, vil misse støtta, sa ho.

Mordaunt møtte toppsjefen i Oxfam, Mark Goldring måndag, og sa følgjande etter møtet:

– Oxfam har bedt om orsaking både til meg, til det britiske og til det haitiske folket. Han har sagt seg lei for framferda til nokre av dei som jobba for Oxfam i Haiti i 2011, og fordi organisasjonen ikkje makta å gjere noko med det.

– Eg bad Oxfam vise nødvendig moralsk leiarskap, la ho til.

EU annonserte måndag at unionen kan komme til å halde tilbake støtte til hjelpeorganisasjonar som bryt etiske reglar.

BRITAIN-OXFAM/HAITI-MINISTER

Oxfam-butikk i London.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

Også i Tsjad

Ifølgje avisa The Guardian har bistandsarbeidarar frå Oxfam også kjøpt sex frå unge kvinner i Tsjad.

Nestleiar Penny Lawrence sa måndag, då ho trekte seg, at ho var kjent med påstandane. Ho opplyser at landdirektøren i Haiti hadde same rolle i Tsjad før han kom til Haiti.

Det er altså han, og nokre i staben hans, skuldingane er retta mot.

Til BBC seier ho at det kom inn rapportar om kritikkverdig framferd både frå Tsjad og Haiti, rapportar som vi ikkje blei handtert som dei skulle.

SISTE NYTT

Siste nytt