Over eitt tonn narkotika beslaglagt i raid mot Balkan-kartell

I ein verdsomfattande politiaksjon koordinert av Europol og amerikanske DEA, er det konfiskert 600 kilo kokain i Sveits og 421 kilo heroin i Hongkong. 16 personar knytt til organisert kriminalitet på Balkan er arrestert.

AFP_1J39QP

Les Fiander frå Europol snakkar under ein pressekonferanse i Kroatias hovudstad Zagreb 25. juli. Han fortel at det måtte eit omfattande internasjonalt samarbeid til før ein kunne slå til mot nettverket.

Foto: STRINGER / AFP

– Operasjonen var ein del av ein større strategi mot ein kriminell organisasjon kjend som «Balkan-kartellet» og leiarane deira frå Vest-Balkan, skriv Europol i ei pressemelding.

Det var etterforskarar frå Kroatia som byrja etterforskinga mot nettverket i 2018, det Europol kallar «Operasjon familia».

Kartellet var mistenkt for å ha smugla narkotika frå Sør-Amerika til Europa ved å bruke privatfly.

Dei skal også ha smugla heroin til Macao og Hongkong med skip, heiter det i kunngjeringa frå Europol.

Den europeiske politiorganisasjonen Europol har laga denne videoen som viser det omfattande politisamarbeidet.

– Ringleiar arrestert i Sveits

Det var i mai politiet slo til ved ein flyplass i Basel i Sveits.

På eit privatfly fann dei 600 kilo kokain og ein viktig ringleiar vart arrestert.

– Mistenkte har ein internasjonal kriminell bakgrunn i Europa og resten av verda, skriv Europol.

I ein parallell politiaksjon vart 421 kilo heroin beslaglagt i Hongkong. Ifølgje Europol var det «Balkan-kartellet» som stod bak smuglinga begge stadar.

Til saman 16 personar er arresterte i «Operasjon familia».

To millionar euro i kontantar (ca. 19 millionar norske kroner), luksusbilar og dyre klokker til ein verdi av ein million euro har også blitt beslaglagt under ransaking i Kroatia, Tsjekkia, Serbia, Slovenia og Sveits.

SISTE NYTT

Siste nytt