Hopp til innhold

Over 46 millionar fattige i USA

Problema står i kø for USAs president Barack Obama også på heimebane. Over 15 prosent av innbyggjarane, 46 millionar menneske, lever under fattigdomsgrensa.

Ein av USAs 46 millionar fattige kviler seg i ei t-banevogn i New York.

Ein av USAs 46 millionar fattige kviler seg i ei t-banevogn i New York midt i morgonrushet.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Det var amerikanske styresmakter som la fram desse tala tidlegare denne månaden. Rapporten viser også at snittlønna for amerikanske arbreidstakarar gjekk ned med 2,3 prosent frå 2009 til 2010.

Obama

USAs president Barack Obama har lansert ein plan for å få fleire amerikanarar ut i arbeid.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Samstundes nærmar talet på amerikanske statsborgarar utan helseforsikring seg 50 millionar.

LES OGSÅ: Millioner uten helseforsikring

Nedjustert vekst

USA har enno den største økonomien i verda. Men veksten i den amerikanske økonomien blir nedjustert med om eitt prosentpoeng til 1,5 prosent i år og 1,8 prosent nesten år.

I ein rapport frå Det internasjonale pengefondet, som vart offentleggjort i dag, heiter det at den amerikanske økonomien slit med å skaffe seg eit stødig fotfeste, og at det er ein lang veg mot ei betring i jobbmarknaden.

Arbeidsløysa i USA er no på 9,1 prosent, og ved utgangen av august i år vart det klart at det ikkje vart skapt nye arbeidsplassar i landet den månaden. Men det har vore verre. I januar i fjor var det over 10 prosent arbeidsløyse. I vår var det ein viss optimisme då arbeidsløyse var godt under ni prosent.

14 mill. arbeidsledige

Fire år gamle Nathan Hobbs bur i eit senter for heimlause i Los Angeles saman med mor si.

Fire år gamle Nathan Hobbs bur i eit senter for heimlause i Los Angeles saman med mor si.

Foto: Jae C. Hong / Ap

Rundt 14 millionar amerikanarar er arbeidsledige. Det er tre gonger så mange som heile innbyggjartalet i Noreg. Ei ekspertgruppe har regna ut at 58,5 prosent av alle amerikanarar vil ein gong medan dei er i alderen 25 til 75 år, vil oppleve fattigdom.

Stadig fleire fattige blir no plasserte i senter for heimlause, og mange av dei er born.

LES OGSÅ: – USAs barn er de skjulte ofrene for den økonomiske krisen

Samstundes reknar amerikanske styresmakter med at det er rundt 11 millionar illegale innvandrarar i USA. Og desse er ikkje med i dei offentlege statistikkane.

President Barack Obama har lansert ein krisepakke som skal skape nye jobbar, men han slit med å få Det republikanske partiet, som har fleirtalet i Kongressen, til å gå med på planane.

Presidenten har også foreslått å auke skatten for alle amerikanarar som tener over ein million dollar i året, rundt 5,6 millionar kroner.

Innfører Buffet-skatt

Warren Buffett er ein av dei rikaste i USA.

Milliardæren Warren Buffet etterlyste meir skatt for rikingar.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Tidlegare har mangemilliardæren Warren Buffet oppmoda Obama om ikkje å « "kjæle med dei superrike" ». Her spurde han om kvifor ein riking som han hadde ein skatteprosent på 17,4, medan dei tilsette på kontoret hans måtte ut med nesten det dobbelte.

Dermed har skatten som Obama no foreslår fått namnet Buffet-skatten i det politiske miljøet i Washington, og reaksjonane frå det republikanske partiet har ikkje akkurat vore hjartelege.

USA slit med eit enormt budsjettunderskot, og både Obama-administrasjonen og Kongressen har varsla omfattande tiltal for å redusere utgiftene og auke inntektene. Det store spørsmålet er om dei greier å få til eit kompromiss som kan bidra til å betre situasjonen i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt