Hopp til innhold

Rikingar vil betale meir skatt

Det starta med den amerikanske milliardæren Warren Buffett. No kjem europeiske rikingar etter med eit originalt krav: Vi vil betale meir skatt.

Warren Buffett er ein av dei rikaste i USA.

Warren Buffett meiner han og andre superrike må betale meir skatt.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Professor Jørgen Randers ved Handelshøyskolen BI har sympati med Warren Buffett og dei andre rike som vil betale meir skatt, men han trur ikkje det er srleg realistisk at dei rike skal betale meir til fellesskapet. Til det trur han den ideologiske motstanden mot fellesskapsløysingar er for stor.

- Eg og andre rikingar har blitt degga med altfor lenge av den milliardærvenlege Kongressen. Det er på tide at vi bidreg meir til fellesskapet, skriv Warren Buffett i eit innlegg i New Tork Times.

- Urettferdig skattesystem

Warren er ikkje i tvil om at superrike amerikanarar må skattast hardare, om landet sine enorme gjeldsproblem nokon gong skal løysast. Han meiner skattesystemet er urettferdig, og at dei rikaste ikkje på nokon måte betalar så mykje som dei burde inn i felleskapet.

Rike og mektige Luca di Motezemolo.

Rike og mektige Luca di Motezomolo vil at dei rike skal betale meir skatt.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / Afp

- Medan dei fattige og fri frå middelklassa kjempar for oss i Afghanistan, og dei fleste amerikanarar har problem med å få endane til å møtast, så får vi megarike ekstraordinære skattekutt, heiter det i avinsinnlegget.

Buffett har ein formue på vel 50 milliardar dollar, og han har berre Carlos Slim og Bill Gates før seg på lista over dei rikaste i verda.

Han viser til at han i fjor betale rundt 17,4 prosent av inntekta si i skatt, og at dette er ein lågare skatteprosent enn det nokon av dei 20 tilsette på kontoret hans har. Dei betalte eit snitt på 36 prosent av inntekta i skatt.

Aksjon i Tyskland

Buffett sine idear har også fått fotfeste i Europa. Ei gruppe veståande tyskarar har starta organisasjonen «Vermögende für eine Vermögensabgabe», som betyr noko slikt som "Formuande for eigedomsskatt".

Forbundskanslar Angela Merkel saman med finansminister Phillip Rösler.

Ei gruppe rike tyskarar ber Angela Merkel og finansminister Phillip Rösler om å få betale meir skatt.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Leiaren for gruppa, den pensjonerte legen Dieter Lemkuhl, har lenge kritisert det tyske skattesystemet for å vere urettferdig. Etter utspelet frå Buffett har han igjen bede tyske styresmakter om igjen å sjå på systemet.

- Vi er ikkje i same liga som Buffett. Vi er ei breitt samansett forsamling, lærarar, legar, entreprenørarar. Mykje av rikdomen vår er arva, men vi har alle meir pengar enn vi eigentleg treng, seier han til den britiske avisa The Guardian .

Han seier at dersom dei rikaste i Tyskland hadde betalt fem prosent meir i skatt i to år, ville det ha gitt 100 milliardar euro, vel 800 milliardar norske kroner, i den tyske statskassa.

I dag er det ingen i Tyskland som betalar meir enn 42 prosent skatt. Då Helmuth Kohl var tysk rikskanslar var maksimalskatten 53 prosent, men Gerhard Schröder sette grensa ned til 42 prosent då han tok over.

- Meir skatt er vegen

- Noko må gjerast for å hindre at gapet mellom rike og fattige skal bli endå større. Auka skattar er vegen ut av dette uføret, seier Dieter Lemkuhl. Han vil at alle med ein formue over 500.000 euro, altså rundt fire millionar norske kroner, skal få ein ekstraskatt på fem prosent i to år.

Liliane Bettencourt er den rikaste kvinna i Frankrike.

Liliane Bettencourt er blant dei rikaste i Frankrike, og ho vil betale meir skatt.

Foto: FRED DUFOUR / Afp

Også i Italia og Frankrike har rikingar bede oom å få betale meir skatt. Den rikaste kvinna i Frankrike, Liliane Bettencourt, har saman med 15 andre milliardærar tilbode seg å gi eit spesialbidrag til statskassa for å hjelpe til med å få Frankrike ut av den økonomiske krisa.

Luca di Montezemolo, den mektige styreleiaren i Ferrari-konsernet og ein av dei rikaste i Italia, vedgår at han er rik, og at det såleis berre er rett og rimeleg at han må bla opp og betale meir i skatt. Han synest det er ein skandale at det er den italienske middelklassa som må ta den verste skattesmellen.

Vil gjeninnføre ekstraskatt

Spania er eitt av landa som er verst ramma av den økonomiske krisa, med ei arbeidsløyse på over 20 prosent og rekordstore budsjettunderskot.

Finansminister i Spania, Elena Salgado.

Finansminister Elena Salgado i Spania angrar på at regjeringa tok bort ekstraskatten for dei rikaste.

Foto: DANI POZO / Afp

Den sosialistiske regjeringa i landet vurderer å gjeninnføre ein ekstraskatt for dei rikaste, som vart avskaffa for tre år sidan. Finansminister Elena Salgado seier no offentleg at ho angrar på at regjeringa droppa ekstraskatten.

Alfredo Perez Rublacaba, som er det regjerande sosialistpartiet sin statsministerkandidat ved valet 20. november i år, seier at han vil auke skattane til dei rike om han blir valt.

Også Frankrike vurderer å innføre ein ekstraskatt for dei rikaste for å få meir pengar inn i ei slunken statskasse.

Også Italia er det lagt fram forslag om ein ekstraskatt for rike, men det er førebels uklart kva profil denne vil få.

- Lite realistisk

Professor Jørgen Randers ved Handelshøyskolen BI seier i ein kommentar til NRK.no at rundt rekna ein prosent eig mellom 10 og 20 prosent av dei samla verdiane i verda.

Jørgen Randers

Professor Jørgen Randers trur ikkje det blir ein trend at dei rike vil betale meir skatt.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Hvis denne eine prosenten betalte vanleg skatt, så ville det auke skatteinntektene med 20 prosent. Men dessverre er det lite realisme i dette. Dei fleste rike er ideologiske mostandarar av fellesskapsløysingar. Dei vil heller gjere som Bill Gates, å gi til formål dei sjølve meiner er bra, seier Randers.

Han har heller ikkje noko tru på at skattereglane blir endra i land som USA. Der blir forslag om å auke skatten kontant avvist av republikarane, fordi dei er mostandarar av ein sterk stat.

Han viser til kor vanskeleg det er å få gjennomført den såkalla Tobin-skatten, ein skatt på alle aksjetransaksjonar. Klimakomiteen i FN, har foreslått ein liknande klimaskatt for å skaffe 100 milliardar kroner til arbeidet mot klimaendringar.

- Eg trur personleg på kollektive løysingar, eg trur dei store problema vi står overfor blir betre løyste gjennom ein sterk stat. Men det er ei kjennsgjerning at dei aller fleste rike er negative til meir skatt, seier BI-professoren.

SISTE NYTT

Siste nytt