Hopp til innhold

Over 1000 heimlause etter brann

Minst 1000 menneske vart heimlause då eit slumområde i den brasilianske storbyen Sao Paolo vart rasert av ein brann i dag tidleg lokal tid.

Video nsps_upload_2009_10_12_21_25_21_3787.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå den dramatiske videoen frå Sao Paolo.

Brannen starta like før kl. seks måndag morgon. Brannen var eksplosiv, og dei fleste av innbyggjarane i Diogo Pires flykta i det dei stod og gjekk i.

Flammane stod opp til 20 meter opp i lufta, og det var dramatiske minutt før folk kom seg ut av brannområdet.

Patricia de Oliveira er ei av mange som miste alt i brannen.

Patricia de Oliveira er ei av mange som miste alt i brannen.

Foto: EBU/APTN/TV Globo

Miste alt

Patricia de Olivera er ei av dei mange som har mist alt ho eig i brannen. No veit ho ikkje kva ho og familien skal gjere.

- Eg miste alt. Eg miste alle eigedelane til borna mine, eg miste maten og mjølka vår. Eg har mist alt, seier den fortvilte kvinna.

Til alt hell var det ingen som omkom i brannen, og det er heller ikkje meldt om alvorlege skadar. Men det er mange som Patricia, som miste alt dei eigde i den øydeleggjande brannen.

1000 kvadratmeter

Etter to timar greidde brannvesenet å få kontroll over flammane, men då var eit område på 1000 kvadrameter lagt fullstendig i aske.

Politiet kan ikkje seie noko sikkert om brannårsaka, men ein talsmann seier det kan ha vore ei kortslutning ved eit ulovleg elektrisk anlegg.

Dette er den fjerde gongen eit slumområde i Sao Paolo blir rasert av brann dei siste åra. Folk bur i fattigslege skur, og dei aller fleste er sette opp utan løyve frå styresmaktene.

Dei små skura er ofte einaste alternativet for at dei fattige skal få tak over hovudet.

Slik såg slumområdet Diogo Pires ut etter brannen.

Slik såg slumområdet Diogo Pires ut etter brannen.

Foto: EBU/TV Globo

SISTE NYTT

Siste nytt