Hopp til innhold

Opptøyar i Ny-Caledonia: – Ikkje umogleg at det kan verte svært blodig

Fem er drepne og fleire hundre er skadde. Fleire fryktar for ei blodig fortsetjing.

KqI5E_TZ6MI

På stillehavsøya Ny-Caledonia har det vore opptøyar sidan franske innflyttarar blei sikra stemmerett ved lokale val måndag.

Foto: Nicolas Job / AP

Onsdag innførte Frankrike unntakstilstand i øygruppa Ny-Caledonia i Stillehavet.

Den tidlegare kolonien er no eit sjølvstyrt territorium som tilhøyrer Frankrike.

Førebels er fem personar drepne, både urfolk og politifolk. I tillegg er fleire hundre skadde.

– Viss ein trekk parallellar til tidlegare koloniar, så er det ikkje umogleg at dette kan verte svært blodig.

ciHJOqZk8uU

Opprøra er valdelege. Fem menneske er drepne denne veka, og det fryktas at valden vil eskalera.

Foto: Delphine Mayeur / AFP

Det seier Kjerstin Aukrust, førsteamanuensis i fransk litteratur og områdestudium ved Universitetet i Oslo.

Ho beskriv situasjonen som alvorleg, med steile frontar mellom partane.

– Førebels verkar det som om dialog ikkje er mogleg, seier ho.

Kvifor er det opprør?

Opptøyane starta måndag, da den franske nasjonalforsamlinga stemte over endringar i grunnlova til Ny-Caledonia.

Endringane sikrar franske innflyttarar stemmerett ved lokale val når dei har budd der i ti år. Det gjer at fleire tusen franske innflyttarar får stemmerett.

Det har ikkje falt i smak hjå urfolket kanakene, som dei siste tiåra har vorte stadig færre.

To-Nd1yg-6g

Brente bilar står på rekke og rad etter opptøyane i hovudstaden Noumea i Ny-Caledonia.

Foto: Nicolas Job / AP

Grupper i landet som kjempar for sjølvstende, meiner lovendringa er eit forsøk frå Frankrike på å festa grepet sitt om øygruppa, skriv CNN.

Landet har vore prega av politisk uro i mange år på grunn av spørsmålet om sjølvstende.

Berre sidan 2018 har Ny-Caledonia sagt nei til sjølvstende i tre folkeavstemmingar.

pos5gvM-jEM

Ny-Caledonia har i mange år vore prega av uro på grunn av spørsmålet om sjølvstende.

Foto: Nicolas Job / AP

– Det har vore knappe marginar. Separatistane meiner desse avstemmingane ikkje er gyldige, og har oppfordra til boikott, seier Kjerstin Aukrust.

Plyndring og brannar

Væpna styrkar vaktar no dei to flyplassane på øygruppa, som har vorte stengde for kommersiell trafikk.

Rundt 5000 menneske skal ha deltatt i opptøyar der butikkar har vorte plyndra og sett i brann.

Fleire stader har dessutan demonstrantar sett opp brennande vegsperringar, noko som gjer det vanskeleg å frakta mat og medisin.

Helsepersonell fryktar for liva til fleire av pasientane sine, skriv nettavisa Franceinfo.

j5Bgjtos348

Vegsperringar kan føre til at pasientar døyr, fryktar helsepersonell på øya.

Foto: Delphine Mayeur / AFP

Skjer ikkje i eit vakuum

Ein kan ikkje sjå på desse opptøyane som ei isolert hending, meiner Frankrike-kjennar George Chabert, professor ved NTNU.

– Dette er ein kolonisituasjon, beskriv han.

Han nemner mellom anna at fleire har vorte arbeidsledige på grunn av økonomisk trøbbel for gruveselskapa som utvinnar nikkel. Og det er i stor grad kanakene som vert råka.

– Dei tilhøyrer eit urfolk som etter kvart har kome i mindretal, alltid med dårlege levevilkår. Det er utgangspunktet, med mykje frustrasjon, seier Chabert.

Pressebilde av George Chabert

George Chabert er professor ved NTNU og Frankrike-kjennar. Han seier urfolket har vore frustrert ei stund.

Foto: NTNU

Det bekreftar òg Aukrust, som seier det er store sosiale og økonomiske skilnader mellom kanakene og franskmenn frå fastlandet.

– Urbefolkninga er prega av mykje høgare arbeidsløyse, lågare levestandard, alkoholisme, kriminalitet, seier ho.

Det gjer at det er lite som skal til for at det skal smella igjen, trur Chabert.

– Ein treng berre ein gneiste for å få det til å brenna igjen, for frustrasjonen er der.

NTNU-professoren trur heller ikkje at Frankrike berre vil la dette gå.

– Dette kan eskalera vidare. Spørsmålet er kor langt Frankrike vil gå. Eg tviler på at dei vil la dette få fotfeste, seier han.

– Burde kanskje sett det komma

Den franske presidenten Emmanuel Macron har bedt om at leiinga på øygruppa skal fordømma valden.

Det nasjonale sjefrådet for kanakene har fordømt valden.

Sjølv om det altså har kome svært sterke reaksjonar på lovendringa, tvilar Kjerstin Aukrust på at opptøyane har vore noko stort sjokk for regjeringa.

– Det er veldig mange eksempel på at det har vorte blodige konfliktar når koloniar og tidlegare koloniar har forsøkt å lausriva seg frå Frankrike. Så ein burde kanskje sett det komma, seier ho.

a9_Pl3yEP-k

President Macron vil at leiarane på øygruppa skal fordømma dei valdelege opptøyane.

Foto: Nicolas Job / AP

Ifølgje Maria Gabrielsen Jumbert, seniorforskar ved Fredsforskningsinstituttet Prio, er dette ei sak som engasjerer bredt i det politiske Frankrike.

– Dei politiske fløyene har etablerte posisjonar på dette allereie. Det er ikkje berre ei marginal sak som vert handsama av administrasjonen, seier ho.

Ber FN involvera seg

Separatisten Jean-François Roux frå partiet FLNKS meiner at situasjonen i Ny-Caledonia fell under folkeretten.

– Det er naudsynt med ei mekling. Og den kan berre komma frå FN, seier han ifølgje Le Monde.

Òg det nasjonale sjefrådet for kanakene meiner at FN må involvera seg og sørga for at internasjonale lovar vert overhaldne.

SISTE NYTT

Siste nytt