Buenos Aires såg ut som ei slagmark onsdag kveld.
Den nye reforma til president Javier Milei har blitt møtt med raseri.
Då forslaget blei diskutert, stod det flammar opp av gatene utanfor nasjonalforsamlinga.

Argentina mot Argentina

Kaos ute...

...og handtrykk inne.

Dei argentinske senatorane stemte over ei reform føreslått av den populistiske presidenten seint onsdag kveld.

Milei ønsker å gjenopplive den argentinske økonomien, som er i hardt vêr.

Blant forslaga er å kutte pensjonar og svekke arbeidarar sine rettar i Argentina, melder BBC.

Og Senatet var nesten delt på midten, med 37 mot 36 stemmer. Visepresident Victoria Villaruel avla den avgjerande stemma, og reforma blei godkjend.

– I dag finst det to versjoner av Argentina.

Victoria Villaruel, visepresident

– Eit valdeleg Argentina som set bilar i brann, kastar stein og debatterer utøvinga av demokrati, og eitt med arbeidarar som har ofra mykje og ventar i smerte på endringa dei stemte på.

Victoria Villaruel, visepresident

Blant kritikarane har det sidan tysdag vore stort oppmøte.

Onsdag kasta demonstrantane bensinbomber og steinar mot politisperringane. Dei meiner endringane vil gå hardt ut over millionar av argentinarar.

Dei tende bål, brente søppeldunkar, og sette fyr på ein pressebil.

Politiet svarde med tåregass...

...meir tåregass...

...15 pågripingar...

...og vasskanonar.

Fleire dusin demonstrantar og nokre opposisjonspolitikarar fekk behandling for skadar. Minst fem av politikarane blei innlagde på sjukehus, seier ein kollega i nasjonalforsamlinga.

Også 20 politifolk blei skadde, ifølge styresmaktene.

I eit utsegn takkar presidentkontoret tryggingsstyrkane for å ha slått ned på demonstrantane dei kallar for «terroristar» og skuldar for kuppforsøk.

Sjølv om pakken har blitt godkjend, må senatorane stemme på kvar av delane.

Slaget er altså ikkje over enno.