Hopp til innhold

Røykutvikling i togvogn

Det er røykutvikling i ei togvogn på Raumabanen. Alle passasjerane er evakuerte. Det er ikkje meldt om skade på nokon personar. Naudetatane er på veg til staden.

Togvogna stoppa av seg sjølv då alarmsystema på toget blei utløyst.

Brannen skjedde då toget var i nærleiken av Europavegen og passasjerane er evakuert til område ved vegen.

Det var forholdsvis mykje røyk i området til å begynne med, men situasjonen skal ha roa seg etter kvart.

Røyken kom frå eit sikringsskap.