Israel har i dag svart på rakettangrep frå Syria og treft mål, seier den israelske hæren.
I går skaut Israel varselskot mot Syria etter at ein granat nesten trefte ein militærpost på dei Israel-kontrollerte Golanhøgdene.
I dag vart den same militærposten råka, og denne gongen svarte Israel med å skyte for å treffe målet, noko dei lukkast med.
- LES OGSÅ:
Trefte bombekastarlag
NRK har vore i kontakt med den israelske hæren, og ifølgje dei skal israelsk eld ha treft eit bombekastarlag som var ansvarlege for åtaket mot militærposten.
Mange av israelarane spør seg om kvifor dette skjer akkurat no.
Hæren seier at dei ikkje veit om syrarane har fått ordre frå Damaskus om å skyte, eller om dette er individuelle initiativ frå dei militære einingane i området.
(Saka held fram)
Opptrapping
I alle høve er det ei opptrapping av konflikten, og gjer at forholdet mellom Israel og Syria er forverra, sidan det er andre gongen på to dagar det er eldutveksling.
Israel og Syria er teknisk sett framleis i krig, og israelarane har tidlegare sagt at dei kjem til å svare på eld over grensa.
11. november 2012 var fyrste gong sidan 1973 at Israel skaut mot Syria.
Golanhøgdene er eit strategisk viktig område som grensar mot Israel, Libanon og Jordan.
Israel har hatt busetjingar i området sidan Seksdagarskrigen i 1967, og vedtok å annektere området i 1981. Annekteringa er ikkje blitt godkjend av verdssamfunnet.
- LES OGSÅ:
(Saka held fram)
Ber partane tenkje seg om
Dei siste dagars hendingar har gitt FN meir bekymringar om at borgarkrigen i Syria skal spreie seg til landa rundt.
Israel fyrte av rakettane mot Syria berre timar etter at generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, bad alle partar om å beherske seg.
- LES OGSÅ: