Hopp til innhold

Syriske opprørarar har teke 21 FN-observatørar til fange på Golanhøgdene

Ei syrisk opprørsgruppe har teke 21 FN-observatørar til fange ved Golanhøgdene på grensa mellom Israel og Syria.

Opprører foran stoppet FN-kjøretøy

Ei syrisk opprørsgruppe har teke 20 FN-observatørar til fange på Golanhøgdene.

Foto: skjermdump fra video lastet opp av opprørerne

Opprørarane, som kallar seg Yarmouk-martyrane, seier i ein video at observatørane ikkje blir sette fri før regjeringshæren har trekt seg ut av landsbyen Jamla. Jamla ligg i underkant av ei mil frå grensa til Israel, og det har dei siste dagane vore harde kampar mellom syriske regjeringsstyrkar og opprørarar om byen.

Videoen viser to FN-bilar og minst tre observatørar med FN-hjelmar og skotsikre vestar, og dei er omringa av ei gruppe væpna opprørarar. Ifølgje nyheitsbyrået Ap er alle observatørane frå Filippinane.

Skilt på FN-kjøretøy tatt til fange

Bilane til FN-soldatane er tydeleg merkte med kva oppdrag dei er ute på.

Foto: skjermdump fra video lastet opp av opprørerne

FN opplyser at ei gruppe frå observatørstyrken har reist til området for å prøve å løyse situasjonen.

LES OGSÅ: Over én million har flyktet fra Syria

LES OGSÅ: – Hallo, vi har din sønn

Stansa ved observasjonspost

Observatørane vart stansa like ved ein observasjonspost som vart øydelagt i harde kampar mellom opprørarar og syriske regjeringssoldatar sist helg.

FN stadfestar at 21 av deira observatørar er tekne til fange. Ein FN-talsmann opplyser at det var ei gruppe på rundt 30 opprørarar som stansa FN-konvoien, og at det skjedde inne i den demilitariserte sona.

Syriske opprørararr har teke FN-soldatar til fange.

Dei syriske opprørarane skuldar FN-observatørane for å støtte styrkane til Bashar al-Assad.

Foto: You Tube

Observatørstyrken frå FN vart utplassert på grensa mellom Israel og Syria etter oktoberkrigen i 1973. Dei patruljerer den demilitariserte sona mellom dei to landa, som teknisk sett framleis er i krig.

– Nordmenn ikkje involverte

Oberstløytnant Bent-Ivan Myhre

- Ingen nordmenn er involverte, seier oberstløytnant Bent-Ivan Myhre.

Foto: Torgeir Haugaard

Det norske forsvaret har personell blant observatørane på Golan, men ingen av desse skal ha vore i kolonnen som vart stansa av opprørarane.

– Nordmennene er ikkje involverte. Det kan vi stadfeste, seier oberstløytnant Bent-Ivan Myhre, som er talsmann for Forsvarssjefen, til NRK.no. Forsvaret er i tett kontakt med FN-styrken på Golan for å skaffe seg oversikt over situasjonen.

Forsvaret stadfestar at det er 12 norske offiserar som tenestegjer i FN-operasjonar i Israel, Syria og Libanon.

Utanriksminister Espen Barth Eide fordømer bortføringa på det sterkaste. Han seier til NTB at regjeringa ser spesielt alvorleg på at soldatar i fredsbevarande teneste blir tekne til fange.

– Dette set dei syriske opprørarane i eit svært dårleg lys, seier han.

LES OGSÅ: Syriske opprørsstyrkar inntok viktig by - reiv ned gigantisk Assad-statue

LES OGSÅ: – Militant islamisme utgjør den mest alvorlige trusselen

Fryktar spreiing

Israel har gjort det klart overfor Tryggingsrådet i FN at landet ikkje roleg kan sjå på at den syriske borgarkrigen kjem inn på deira område. Russland har gått ut med hard kritikk av dei syriske opprørarane for å ha teke borgarkrigen til Golanhøgdene.

Tryggingsrådet i FN krev i kveld at dei 21 FN-observatørane blir sette fri straks, samstundes som bortføringa blir fordømt på det sterkaste.

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch opplyser at dei etterforskar opplysningar om at Yuarmok-brigaden, som altså står bak bortføringa av FN-observatørane, for mistankar om regelrett avretting av syriske regjeringssoldatar.

NRK.no følgjer utviklinga i saka

Bombardement nær landsbyen Jamla nær Golanhøgdene.

Det har dei siste dagane vore harde kampar mellom syriske styrkar og opprørarar om landsbyen Jamla.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


SISTE NYTT

Siste nytt