Hopp til innhold

Opnar huset for nordmenn i Belgia

På andre dagen med terrortrussel og eit land i høgspenning tenkte sjømannspresten at det ville gjere godt med litt vaflar.

Vafler hos sjømannspresten i Belgia

SØNDAGSKOS: Sjømannskyrkja er kjend for sine vaflar, og jarnet går varmt denne søndagen i Waterloo.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

Vigdis Hansen

IKKJE SÅ REDD: -Vi merkar ikkje så mykje til endringa i trusselnivået, kanskje fordi vi bur litt unna Brussel, seier Vigdis Hansen.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

Han har samla fleire frå det norske miljøet i Belgia heime i Waterloo utanfor Antwerpen. Dei bestemte seg heilt spontant og spreia informasjonen via nettsidene og sosiale medium. Rundt 30 har samla seg rundt lapskausen og vaflane, og stadig fleire kjem til.

– Sidan vi har fått beskjed om å halde oss innandørs hadde vi ingen planar i dag, så at vi fekk moglegheit til å kome hit var veldig kjekt, seier Vigdis Hansen som har budd i Belgia med familien i eitt år.

– Mange kjenner seg uroa

Det har vore ei roleg helg for folk flest i Belgia. Dei har blitt bede om å halde seg unna butikkar, stasjonar, konsertar, fotballkampar og folkemengder generelt – med andre ord å halde seg heime. Men for ambassaden og Sjømannskyrkja har det vore eit hektisk døgn.

– Vi har følgt nøye med på alt av nyhende og informasjon, og vi har hatt tett kontakt med ambassaden, seier sjømannsprest Bjørn Nome der han står ved vaffeljarnet.

Sjømannspresten og ambassadøren i Belgia

TETT KONTAKT: Sjømannskyrkja og den norske ambassaden i Brussel følger nyhendene og har tett dialog.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

Prøvar å leve som normalt

Han er oppteken av at kvardagen må gå sin gang, og meiner det er viktig å samlast.

– Vi har jo ikkje opplevd det same som dei har opplevd i Paris og som ein opplever andre stader i verda, men eg trur fleire av oss kjenner på ein slags uro. Inne i Brussel er det mykje militære og politi i gatene, og det kan til at ein sit inne og uroar seg for kva som kan skje. Og då tenkte vi at då er godt å kome til lapskaus og vaflar hos oss.

Arvid Therkelsen

NYBAKT FAR: Med ei to dagar gammal dotter er gleda større enn frykta hos familien til Arvid Therkelsen.

Foto: Åse Marit Befring / NRK

Arvid Therkelsen, diakonal medarbeidar, er her med to av sine barn. Han fekk ei dotter på fredag, same dagen som trusselnivået vart heva.

– Det er jo litt spesielt. Samstundes prøvar vi å leve så normalt som vanleg og ikkje tenke så mykje på det. Vi kjenner oss eigentleg trygge her i Waterloo. Og heldigvis er det gleda som rår hos oss no, smiler han.

No ventar dei på ein statusoppdatering frå myndigheitene. Søndag ettermiddag skal dei avgjere om trusselnivået skal halde fram på nivå 4.

SISTE NYTT

Siste nytt