Det er den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera som melder dette i kveld. Offiserane ber om at medsoldatane går over på folket si side, og at det no er viktig å fjerne Gaddafi.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Marsj mot Tripoli
Offiserane, det er uklart kor mange det er, oppmodar alle libyiske soldatar til å marsjere mot hovudstaden Tripoli.
Muamar Gaddafi skal halde ein fjernsynstale i løpet av natta. Det er uklart kva bodskap dikatoren har, men få trur at han vil tilby seg å gå av.
Det har i heile dag vore regelrette kamphandlingar mellom tryggingsstyrkar og demonstrantar i hovudstaden Tripoli. Fleire hundre menneske er døde.
Det har kome meldingar om reine massakrar, men det er vanskeleg å få verifisert rapportane frå uavhengige kjelder. Det har blant anna kome fleire meldingar om at libyiske krigsfly gjekk til angrep på sivile inne i Tripoli, men dette blir avvist av styresmaktene.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Avviser bombing av sivile
Ein av sønene til Muamar Gaddafi, Saif al-Islam Gaddafi, seier at målet for bombeangrepa var våpenlager i område der det ikkje budde folk. Og han nektar for at angrepa har ramma menneske, korkje i Tripoli og Benghazi.
Han seier ikkje noko om kvifor flyvåpenet har gått til angrep på våpenlager.
Fråsegna frå Gaddafi junior står i skarp kontrast til opplysningar frå augevitne i Tripoli og jagarpilotar som har desertert frå luftforsvaret. To jagarflygarar som landa på flyplassen i Benghazi i dag sa at dei hadde nekta å følgje ordre om å angripe sivile mål.
Benghazi skal vere på opposisjonen sine hender, utan at dette heller er 100 prosent stadfesta.
Flaug til Malta
Også to oberstar i det libyiske flyvåpenet, som tidlegare i dag landa med flya sine på Malta, sa at dei hadde fått ordre om å bombe demonstrantar.
Også fleire diplomatar ved libyiske utanlandsstasjonar, blant anna i Sverige og i FN, har trekt seg i protest mot angrepa på sivile.
Det er også mange som har desertert frå dei væpna styrkane, men det er uklart kor stort omfang dette har,
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: