Vurderer alle verkemiddel mot Libya

USA-president Barack Obama vurderer «alle tenlege verkemiddel» for å få slutt på valden i Libya.

USA-president Barack Obama

USA-president Barack Obama vurderer korleis han kan påverke situasjonen i Libya.

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Medan opprøret i Libya eskalerer i styrke, vurderer Obama kva USA kan gjere.

– Vi analyserer talen frå Saif al-Islam Gaddafi for å sjå kva som er mogleg å få til av reformar i landet, seier ei kjelde i administrasjonen til nyheitsbyrået AFP.

Han seier USA no ber om oppklaring frå offisielle kjelder i Libya samtidig som dei legg vekt på kravet om at valden i landet må stanse.

– Valden må stanse

FNs generalsekretær Ban Ki-moon

FN-generalsekretær Ban Ki-moon har hatt samtalar med Gaddafi i dag.

Foto: WOLFGANG KUMM / Afp

Kjelda seier at Obama blir oppdatert kontinuerleg om situasjonen i landet.

– Vi vurderer alle tenlege verkemiddel, seier kjelda.

Også FN-generalsekretær Ban Ki-moon har uttrykt at han er uroleg for situasjonen i Libya. Han har ifølgje Reuters hatt samtalar med Muammar Gaddafi i dag.

– I samtalen har Ban uttrykt bekymring for den tiltakande valden i Libya, og han har sagt til Gaddafi at valden må stanse med ein gong, seier ein FN-talsmann til Reuters.

Sergej Lavrov

Utanriksminister i Russland Segej Lavrov.

Foto: Markus Schreiber / AP
Mikhail Sergejevitsj Gorbatsjov

Mikhail Gorbatsjov ber USA og EU å ta ansvar for situasjonen i Libya.

Foto: SCANPIX

– Har ingenting å tape

Også russiske styresmakter krev at valden blir stansa.

– Vi ber alle partar i Libya om å løyse problema på fredeleg vis, på vegen mot ein ansvarleg og brei nasjonal dialog, skriv det russiske utanriksdepartementet i ei fråsegn.

Tidlegare president og fredsprisvinnar Mikhail Gorbatsjov åtvarar Muammar Gaddafi om at han kan bli jaga ut frå sitt eige land om han ikkje gir etter for folkekravet.

– Gaddafi har svart så hjartelaust at han kan ende opp med å bli jaga ut. Eg vil ikkje spå kva som kjem til å skje, men han skyt sitt eige folk, han brukar militæret og våpen mot eit forsvarslaust folk, seier Gorbatsjov til CNN.

– Folk ønskjer seg ut av fattigdomen, og har ingenting å tape. Eg trur det er veldig viktig at Europa og USA tek ansvar i denne situasjonen, seier han.

Øvst på EU-agenda

Generalsekretær for Den arabiske liga, Amr Moussa, uttrykkjer djup bekymring for situasjonen. Også han ber i ei fråsegn om at valden må stanse.

– Kravet frå libyarane om reformar og endring, er rettmessig, seier han ifølgje nyhetisbyrået Reuters.

Utviklinga i Libya blir også dominerande når utanriksministrane i EU-landa møtest i Brüssel i dag.

– Det er stor fare for eit scenario der Libya bryt fullstendig saman, noko som vil føre til omfattande humanitære konsekvensar. Dette er veldig urovekkande, seier den svenske utanriksministeren Carl Bildt til SVT før møtet.

Også NATO-generalsekretær Anders Fogh Rasmussen seier han er sjokkert av «den omsynslause bruken av vald» i Libya, og krev at myndigheitene stansar angrepa på uvæpna sivile.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt