Hopp til innhold

Nytt vulkanutbrot ved Etna

Etna-vulkanen i Italia hadde natt til i dag eit nytt spektakulært utbrot.

Video f735892f-518c-4d34-a75f-2b9e4a69f94b.jpg

KLIKK FOR VIDEO: Trass i dei spektakulære bileta frå Etna-vulkanen på Sicilia, utgjorde utbrotet aldri ein fare for folk.

Det er 17. gongen i år at det er aktivitet i vulkanen, som er den høgaste og mest aktive i Europa.

Lavaen blei kasta over hundre meter opp i lufta, og kunne bli sett fleire kilometer unna. Utbrotet forårsaka at flyplassen i Catania måtte stengje.

Det var aldri fare for at utbrotet skulle truge innbyggjarane i området. Lavaen på Etna flyt nemleg for sakte til å kunne vere farleg for menneske

Etna ligg i nærleiken av byane Messina og Catania på austkysten av Sicilia i Italia.

SISTE NYTT

Siste nytt